Evaluering av KS recovery læringsnettverk for kommunar i Rogaland og Sunnhordland
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Oppdragsprosjekt
Prosjektperiode
September 2017 - Mars 2018
Prosjektsamandrag
Recovery læringsnettverk for Rogaland og Sunnhordland (forkorta til læringsnettverket i denne rapporten) vart etablert våren 2016. Prosjektgruppa som har hatt ansvar for planlegging og gjennomføring av læringsnettverket var samansett slik at halvdelen av gruppa representerte brukarorganisasjonar eller hadde erfaringsbakgrunn og andre halvdelen var fagfolk. Det var 5 representantar for ulike kommunar, 2 frå helseforetak, 3 frå brukarorganisasjonar (LPP, RIO og Recovery Kompetanse A/S), 2 for kompetanseinstitusjonar (KoRus vest Stavanger og KorFor), 1 frå fylkesmannen i Rogaland, 1 frå NAPHA og 1 frå KS. KoRus vest Stavanger påtok seg oppgåva som sekretariat og lokal koordinering av nettverket. For meir informasjon om læringsnettverket sjå prosjektrapport (Elvemo & Kindervåg 2018).
15 kommunar i Rogaland og Sunnhordland har vore med i nettverket. Kvar kommune oppretta eit forbetringsteam (Vedlegg 1) med 6-10 deltakarar som representerte ulike faggrupper og etatar. I tillegg til rus og psykisk helsetenestene i kommunen var det representantar frå DPS, NAV, 1 kommunelege og 1 kommunepsykolog. Kvart team fekk i oppdrag å lage ein plan for sin kommune, og deltok i ei spørjeundersøking (Vedlegg 2) som skulle gje eit «her og no»-inntrykk som kunne vera utgangspunkt for vidare arbeid.
Læringsnettverket arrangerte fire samlingar der forbetringsteama frå alle kommunane var inviterte. Her var det lagt opp til ressursforelesingar, erfaringsdeling og jobbing med eigne mål.
Nettverket valte Recovery som tema. Dette er i tråd med at fleire kommunar i regionene var i gang med å gjera tenestene meir recovery-orienterte. Mange kommunar hadde tilsett medarbeidarar med brukarerfaring, og recovery var skrive inn i planar for rus og psykisk helsetenestene (t.d. Sandnes kommune 2017). Recovery-tenkinga var også aktuell i foretaka. I plan for tenestetilbodet innan psykisk helsevern (godkjent av styret i Helse Vest 7.12.16) står det «Tenestene må i samarbeid med pasientane komme fram til behandlingsopplegg som understøttar pasientens eigen mål og behov for livsmeistring» (Helse Vest 2016, s 20). Satsinga er også i tråd med nasjonale retningslinjer der eit hovudpunkt er at «Sentrale perspektiver som empowerment og recovery bør prege tjenesteytingen» (Helsedirektoratet 2014, s 11).
Evaluering av arbeidet i nettverket har vore gjennomført kontinuerleg ved at ein har etterspurt tilbakemeldingar og planlagt programmet i tråd med tilbakemeldingane. Sjå meir om dette i prosjektrapporten (Elvemo og Kindervåg 2018). Resultata som er presentert i denne evalueringsrapporten er basert på dokument frå nettverket og fokusgrupper (Vedlegg 3) med leiarane av forbetringsteama. Kristin Ådnøy Eriksen (FOUSAM/Høgskulen på Vestlandet) har leia evalueringsarbeidet og skrive evalueringsrapporten. Arve Almvik (NAPHA), Steinar Trefjord (Sandnes kommune) og Inger Eide Robertson (KoRus) har vore med i planlegging og analyse, og har kome med innspel til det skriftlege resultatet. Ingve Kindervåg har sendt aktuelle dokument til gruppa, og vore tilgjengeleg for oppklaring av spørsmål.