Ekologisk omsorg ur et kliniskt omsorgsvitenskapelig perspektiv
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Anvendt forskning
Grunnforskning
Prosjektperiode
Januar 2018 - Desember 2018
Prosjektsamandrag
Bakgrunn
Mennesket sine omgjevnader er eit metaomgrep i fleire omsorgsteoriar som Eriksson, Martinsen, Watson. I møte med natur og dyr opnar mennesket seg for undringa, for det som er annleis, men som ein likevel er innfelt i. Mennesket har fjerna seg frå naturen, frå det som naturleg omgjev ein og som ein er ein del av, noko som har ført til framandgjering.
Mål og hensikt
Undersøkja kva ontologiske omgrep omsorgsteoretikarar som t.d Nightingale, Eriksson, Martinsen, Watson m.fl. knyter til metaomgrepet omgjevnader, og kva disse teoretikarane ser som viktige ontologiske prosessar i mennesket når tilheling skjer i tilknyting til omgjevnadane.
Relevans og nytteverdi
Naturen er mennesket sine naturlege omgjevnader, og dette viser seg gjerne ved sjukdom og vanskelege livssituasjonar. Mange søkjer då til naturen. Mennesket sin omgjevnader har stått i fokus sidan Nightingale. Nightingale forstod at omgjevnadane til pasienten var avgjerande for at han skulle ha moglegheiter for å bli frisk. Eit døme er lufta me pustar inn og maten me et.
Metode
Hermeneutisk tilnærming. Teksttolking