Etisk kompetanseutvikling i helse- og sosialfaglege utdanningar
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
Januar 2019 - Desember 2020
Prosjektsamandrag
Bakgrunn
Etikk er grunnlaget for all fagutøving innan helse- og sosialfaglege profesjonar. Innhald og form i etikkfaget er avgjerande for at studentar får den naudsynlege kompetansen dei treng for å møta etiske utfordringar i klinisk praksis.
Hensikt og problemstilling
Kartleggja og utvikla eksisterande undervisingsopplegg i etikk i bachelor- og/ eller masterutdanningar innan helse og sosialfag. Vekta vil liggja på studentens sin etiske og faglege modning/ danning. Gjennom dette arbeidet kan ein vidareutvikla ein etisk refleksjonsmodell i samarbeid med studentar og praksisfelt.
Relevans og nytteverdi
I dag er SME modellen til Senter for medisinsk etikk mykje brukt, det er også nytta fleire ulike refleksjonsmodellar i praksisstudiet. Dette er gode verktøy, men ein saknar likevel ein tydlegare etisk refleksjonsmodell som fungerer meir som ein kontinuerleg pågåande prosess. Tanken er at dette kan hjelpa studenten i den etiske og faglege danninga slik at han/ ho i større grad kan evna å ta på seg det ansvaret som profesjonsutøvinga krev.
Metode
Hermeneutisk overbygging. Kvalitative og kvantitative metodar vil nyttast, inkludert applikasjonsforsking.