Omsorga sitt grunnlag reflektert gjennom rusfeltet
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
Oktober 2017 - Desember 2019
Prosjektsamandrag
Bakgrunn
Rusavhengigheit er eit alvorleg helseproblem nasjonalt og globalt. Rusavhengighet inneber stigmatisering, skuld og skam. Tidlegare forsking viser at omsorg frå personale og behandlarar er avgjerande for at menneske kan bli rusfrie.
Hensikt og problemstilling
Undersøkje kva personale som arbeider i rusfeltet forstår som grunnleggjande i omsorg, og kva dei meiner er eit nødvendig etisk fundament for å arbeide med rusavhengige.
Relevans og nytteverdi
Sjølv om det viser seg at omsorg er avgjerande for den rusavhengige, er det lite forsking på omsorga sitt etiske og ontologiske grunnlag. Etikk og ontologi er avgjerande aspekt i alle relasjonar, djupare forståing for kva disse aspekta i rusomsorga er avgjerande å vita.
Metode
Hermeneutisk tilnærming. Empirisk studie med fokusgruppeintervju.