Hensikten med studien er å få auka kjennskap til kva forståing norske sjukepleiarar har av omgrepet åndeleg og eksistensiell omsorg. Ein veit frå tidlegare studier at sjukepleiarar synest det er vanskeleg å gje åndeleg og eksistensiell omsorg og at dette er eit behov som ofte ikkje blir møtt hjå pasienten. Før ein kan gå vidare og definere utfordringane og korleis ein skal trygge sjukepleiarar i å utøve åndeleg og eksistensiell omsorg må me vite meir om kva det er som gjer at sjukepleiarane opplev denne praksisen som vanskeleg. Kva forståing er det norske sjukepleiarar har om kva åndelig og eksistensiell omsorg er?
Kva forståing har norske sjukepleiarar av omgrepet åndeleg og eksistensiell omsorg
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
November 2018 - Oktober 2019
Prosjektsamandrag
Metode
Arbeidet med litteratursøk er i gong, og planen er å få samla utvalte artiklar og gjere analysearbeid innan utgongen av desember 2018.
Resultata frå studien skal formidlast gjennom ein vitskapleg artikkel. Resultata skal også inngå i vidare arbeid med tematikken åndeleg og eksistensiell omsorg.
Metoden som vil bli nytta i denne studien er methasyntese av kvalitative litteratur studiar. Gjennom systematisk litteratursøk i samarbeid med forskings bibliotekar søker ein etter kvalitative studiar kor sjukepleiarar i Norge fortel om deira forståing av åndelig og eksistensiell omsorg