Saman reddar vi liv - Samarbeid i akuttmedisinsk kjede

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

Oktober 2018 - Desember 2020

Prosjektsamandrag

Formålet med prosjektet er å få meir kunnskap om korleis samarbeid i akuttmedisinsk kjede fungerer, med særleg fokus på kva som kan vere drivkrefter og barrierar for eit godt samarbeid. Meir kunnskap om dette kan føre til betre kvalitet på helsetenestene. Dette er ein kvalitativ studie der vi vil nytte gruppeintervju som metode for å få temaet belyst best mogleg. Målgruppa er dei som arbeider med pasientane. For å spegle faktiske tilhøve ynskjer vi ei gruppesamansetning på to AMK-operatørar, to ambulansepersonell, ein legevaktslege og eit luftambulansecrew.