Studentane sine erfaringar med teori, undervising og praksis i emnet kommunalt psykisk helsearbeid
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
September 2018 - August 2020
Prosjektsamandrag
Dette er eit nytt forskingsprosjekt i samarbeid mellom Siv Iren Juklestad og Inger Oline Bruland. Dette prosjektet skal studere studentane, som har vore i praksis i psykisk helsearbeid i kommunane i tredje studieår i bachelorutdanninga, sine erfaringar med utdanninga sitt læringsutbytte, innhald i undervisninga og dette sin relevans i praksis. Det har blitt gjort systematiske evalueringar av emna i Fronter, men svarprosenten var låg. Studentane får også uttale seg i fagutval. Men dette prosjektet det blir søkt om vil gå djupare inn i studentane sine erfaringar om kunnskapsgrunnlaget for praksis psykisk helsearbeid. Prosjektet vil òg søkje å finne ut korleis innhaldet i timeplanlagd aktivitet i SK 165, og den rettleidde praksisen i SK 166, kan bidra til at studentane oppnår handlingskompetanse for å kunne møte pasienten og samfunnet sine behov for sjukepleie, som ein del av eit samla behandlingstilbod.
Prosjektet vil såleis vere knytt til undervisningsaktiviteten i HVL, som er i tråd med emnebeskrivinga si målsetting i SK 165: Kommunehelseteneste og psykisk helsearbeid/helsevern og SK 166: Rettleia praksis i psykisk helsearbeid/helsevern. Planen er at dette prosjektet skal gje grunnlag for to vitskaplege artiklar der Inger Oline Bruland og Siv Iren Juklestad er førsteforfattar på kvar sin artikkel.
Studien har følgjande problemstilling:
Kva erfaring har studentane med kunnskapsgrunnlaget frå emnet Kommunehelseteneste og psykisk helsearbeid/helsevern( SK165), i sin kliniske praksis Rettleia praksis i psykisk helsearbeid/helsevern (SK166)?
Forskingsspørsmål:
1) Kva teori og undervisning har vore nyttig for praksis i kommunalt psykisk helsearbeid?
2) Kva betyding har praksisperioden hatt for studentane si læring?
3) Korleis erfarer studenten sin handlingskompetanse i møte med pasienten og samfunnet
sitt behov for sjukepleie i psykisk helsearbeid?
Inger Oline Bruland vil ha hovudfokus på dei to første forskingsspørsmåla. Siv Juklestad vil ha hovudfokus på forskingsspørsmål tre.
Framtidsvisjonen er å samarbeide med tilsette i Bergen og Stord/Haugesund for å etablere eit samarbeid kring å utvikle eit større forskingsprosjektet. HVL skal ha eit godt omdømme og vere tett på. Høgskulen har satsa på digitalisering for framtidig samarbeid mellom ulike campus. Dette fundamentet kan bidra til å styrke forskingssamarbeid på tvers i institusjonen.