Studentaktive læringsformer

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

August 2016 - August 2020

Prosjektsamandrag

Dette er eit omfattande pedagogisk utviklingsprosjekt som underskrivne har teke aktivt del i sidan våren 2016, og som no er under utprøving i kull 66. Dette pedagogiske utviklingsprosjektet vil inngå i førstelektorarbeidet.

Bakgrunn

I følgje FOU-plan for AHF 2013-2017 punkt 3.4 skal helsefagleg og pedagogisk utviklingsarbeid styrkast og utviklast. (HiSF, avdeling for helsefag, 2013). «Studentaktive læringsformer i SK 165» er eit utviklingsprosjekt som tek sikte på å implementere forskingsbaserte pedagogiske metodar i sjukepleieutdanninga. Følgjande tiltak frå FOU-plan som er aktuelle i dette prosjektet: Drive utviklingsprosjekt, ta i bruk IKT/ digitale metodar, lære om studentprosjekter av andre miljø, formidle resultat av utviklingsarbeid.

Mål med prosjektet:

·         auke studentane sitt engasjement og læringsutbyte gjennom meir studentaktive læringsformer

·         auka integrering av dei ulike  hovudemna i Rammeplanen (Kunnskapsdepartementet, 2008): Sjukepleie sine faglege og vitskaplege grunnlag (1 st.p.) sjukepleiefaget og yrkes-grunnlaget (4 st.p.), medisinske og naturvitskaplege emne (3 st.p.) og samfunnsvitskaplege emne (3 st.p.)

·         at studentane er betre førebudd for praksis i heimesjukepleie og psykisk helsearbeid

 

I studiebarometeret scorar vi lågt på å etterspørje studentane sine praksiserfaringar (3,9 på ein skala frå 1-5) (Studiebarometeret.no). Når studentane har hatt praksis i sjukeheim, kirurgisk og medisinsk avdeling og helsefremmande og førebyggande arbeid har dei unike kunnskapar og erfaringar som vi ynskjer at dei trekker med seg i SK 165. Dette ynskjer vi å få fram gjennom studentaktive læringsformer.

I dette utviklingsprosjektet ynskjer Høgskulen å utvikle meir studentaktive læringsformer, der casebasert læring (CBL) og Flipped classroom (FC) er sentrale metodar.

Metode

Dette pedagogiske utviklingsarbeidet inneberer å leggje om undervisninga til meir studentaktive læringsformer med utgangspunkt i Casebasert undervisning og Flipped classroom. Tid som før vart nytta til førelesingar blir no- og kan i framtida, bli nytta til rettleiing og samtale med studentane både i grupper og i heile kullet. Omlegginga vil skje trinnvis og er eit samarbeid med alle lærarane i emnet.

Konkret omfattar opplegget oversiktsførelesingar i ein avgrensa del av pensum, innspeling av korte fagvideoar, oversikt over pensum/forskingsartiklar og løysing av oppgåver knytt til relevante case med og utan rettleiing. Til enkelte case kan det leggast opp til innlevering av skriftlege oppgåver, til andre case møter studentane faglærar i grupper eller heile kullet til framlegg og diskusjon etter førebuing i gruppe eller individuelt. Andre aktivitetar kan vere å lage rollespel, med eventuell filming, som blir vist for vidare refleksjon og diskusjon, og det vil vere rom for å stille spørsmål til faglærarane. Hittil har søkjar spela inn to videoførelesingar og rettleidd fire grupper som løyser case og drøftar spørsmål knytt til desse. I plenum har studentane teke opp problemstillingar og diskusjonar med oss lærarane.

 

Flipped classroom

Flipped classrom (FC) vert også kalla det omvendte klasserommet. FC erstattar tradisjonell klasseromsundervisning med å ta i bruk ulike læringsmetodar. Det vert forventa at studentane skal vere fagleg førebudde når dei kjem til klasserommet for samarbeid og læring i grupper. Førebuing kan vere førehandsinnspelte videoførelesingar, lesing av pensum, forskingsartiklar og online diskusjonar. Vidare deltar dei i grupper eller individuelt med løysing av case/scenario eller diskusjonar. I grupper eller plenum har studentane framlegg, tek opp problemstillingar og diskusjonar med lærar. Ideen er at lærar brukar tid saman med studentane, med rettleiing og å svare på spørsmål. Lærarane skal støtte læring og ikkje drive læringa (Critz & Knight, 2013).

Casebasert læring (CBL)

På bakgrunn av ein review av studiar om Casebasert Læring innan ulike helsefagutdanningar har Thistlethwaite, et al. (2012) definert CBL slik:

«CBL is learning and teaching approach that aims to prepare students for clinical practice, through the use of authentic clinical cases. These cases link theory to practice, through the application of knowledge to the cases, and encourage the use of inquiry-based learning methods” (s 434).

Casebasert læring vert av enkelte forfattarar sett i samanheng med eller som ein del av problem basert læring (PBL). Ein forskjell er at CBL inneberer at faglærar skal kunne rette opp om studentane sine resultat ikkje stemmer, dette skjer ikkje alltid i PBL. Samtidig vert det hevda at CBL krev meir førebuing enn PBL, men er meir effektiv bruk lærar si tid (Thistlethwaite, et al., 2012). Dette stiller krav til at faglærarar er oppdaterte på det faglege innhaldet. Thistlethwaite, et al., (2012) si oppsummering er at studentane likar CBL-metoden og at dei opplever meir læring. Men det er usikkert om vurderingsresultatet er betre. Større studenttilfredsheit og auka motivasjon  er i seg sjølv ønskeleg og positivt. Studien viser også at faglærarane blir meir tilfredse og utnyttar tida si på betre måte.  CBL gjer tverrprofesjonell læring muleg. I følgje forfattarane gir casebasert læring eit meir strukturert læringsopplegg nær knytt til klinisk praksis. (Thistlethwaite, et al., 2012).

Fritt etter Sara Osland som har laga skissa til prosjektet. Ho gjekk ut av det våren 2018.

Inger Oline Bruland

08.02.2017