Hjelp, eg må på toalettet
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
Januar 2019 - Desember 2021
Prosjektsamandrag
Korleis er tilhøvet mellom toalettpraksisane til gamle (75+), heimebuande, pleietrengjande kvinner som treng hjelp i toalettsituasjonar og moderne kroppslege normer, - organisering av heimesjukepleietenesta, - bustaden si utforming, - dei gamle sin fysiske funksjon og - brukarar og pleiarar sin sosiale bakgrunn? Bakgrunn for studien er det at det kan vere vanskeleg å halde seg når ein kjenner trong for å lette seg på eit toalett, samstundes som heimsjukepleiar kan vere langt unna. Studien er basert på intervju med brukarar, pleiepersonell og eventuelt brukar sine pårørande. I tillegg vert det observasjon av tilgangen til toalett i bustaden til bebuar og observasjon av toalettsituasjonar. Samstundes som majoriteten av brukarar av kommunale pleietenester treng hjelp i toalettsituasjonar, finst det mest ingen studiar om slikt, så studien vil bidra med forskingsbasert kunnskap om ein av dei mest sentrale praksisane i helsevesenet.