Kva er eit vitensenter?

Vitensenter er populære opplevings- og læringssenter innan matematikk, naturvitskap og teknologi. Gjennom interaktive utstillingar, aktivitetar og verkstader får besøkande utforske, oppdage og løysa oppdrag sjølve. Utforskande læring stimulerer til kritisk tenking og fremjar naturvitskapleg forståing.

Formål og rolle

  • Vere ressursar for barnehagar, skular og lærarutdanningar

  • Fremje realfagsinteresse, skaparglede og utforskartrong

  • Gi publikum – barn, unge og vaksne – moglegheit til å fornye kunnskap på eigne premissar

  • Styrkje allmenndanninga og gi innsikt i aktuelle samfunnsspørsmål og teknologiutvikling

  • Bidra til å auke den naturfaglege kapitalen i befolkninga, altså kunnskap, erfaringar og positive haldningar til realfag og teknologi

Vitensenter i Noreg

Den norske modellen er basert på eit nettverk av 13 regionale vitensenter, finansiert og koordinert gjennom ei eiga tilskotsordning frå Kunnskapsdepartementet. To av dei sentrale sentera på Vestlandet er:

Desse sentera samarbeider med HVL om praksis, prosjekt og utvikling av læringsopplegg retta mot både barnehage, skule og UH-sektoren.

Mål og utvikling (2025–2028)

Utviklingsplanen for dei regionale vitensentera legg vekt på tre hovudmål:

  1. Vidareutvikle og auke bruken av utstillingane: Utstillingane skal vere interaktive, aktuelle og stimulere til gjentekne besøk frå skular, barnehagar og allmennheita.

  2. Auke naturfagleg kapital: Gjennom kurs, show og aktivitetar skal vitensentera bidra til livslang læring og vise korleis realfag er relevante i kvardagen.

  3. Styrkje nasjonal og regional rolle: Sentera skal vere viktige aktørar for å fornye realfagsundervisninga i norsk skule, og bidra til utvikling lokalt og regionalt i samarbeid med næringsliv og utdanningssektor.

     

Les heile utviklingsplanen for dei regionale vitensentera 2025–2028 (PDF)

Kven er vitensentera for?

  • Barnehagar og skular: Lærarar og elevar får tilgang til varierte læringsopplegg, praktisk utforsking og pedagogiske ressursar knytt til læreplan og rammeplan.

  • Studentar og lærarutdanningar: Vitensentera er praksisarenaer og samarbeids­partnarar for profesjonsfag, utviklingsprosjekt og FoU.

  • Allmennheita: Barnefamiliar, turistar og andre kan oppleve utstillingar, show, temadagar og konkurransar – noko for både små og store.

Kva kan du bruke eit vitensenter til?

  • Besøke utstillingar og laboratorier med klasser eller studentgrupper

  • Delta på kurs, fagdagar eller temabaserte aktivitetar

  • Bruke sentera som praksisarena for studentprosjekt eller praksisopplæring

  • Bli inspirert til undervisningsopplegg eller utviklingsarbeid i eigen skule eller barnehage

Nyttige lenker