Campusfest 6. mai | campus Førde

Registrering/påmelding

Det blir påmelding til både dags- og kveldsprogrammet gjennom to ulike lenker.

Frist for påmelding er torsdag kl.23:00

Program dagtid

kl. 14:00-16:00 Inngangspartiet: Stands fra studentorganisasjoner, HVL skape og stipendiater.

kl. 14:00-14:30 Global Lounge (kantina): Foredrag av Professor Christian Moltu, HVL og Helse Førde «Framoverretta helsetenester i samarbeid mellom sjukehuset, høgskulen og næringslivet. Korleis endrar behova seg ettersom samfunnet og teknologien utviklar seg?»

kl. 14:30-15:20 Global Lounge (kantina): Paneldebatt om e-helse med dekan på fakultet for helse- og sosialvitskap Randi Skår, prodekan på fakultet for ingeniør- og naturvitskap Øyvind Midtbø Berge, og Christian Moltu. Det blir opna for innspel og spørsmål frå salen.

kl 15:30-16:00 Jubileumsmarkering med blant annet sang med Lars Kyte og Madelen Rimstad og helsingar av ordfører Jenny Følling, prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal, ansattrepresentant Joar Sande, tilltsvald Toril Irene Olesrud Fjørtoft og studentrepresentant Tor Erling Storheim Thorbjørnsen.

kl 16:00-18:00 Jubileumsfest på Campus. Mat, kake og konkurranser med fine premier.

Kl. 16:15-17:00 - Quiz med SiF

Kl. 17:00-17:45 – FSI sin aktivitetsquiz

Program kveldstid

På kveldstid blir det konsertar på Larris.

Dette er ikkje opne konsertar. Programmet på kveldstid er for studentar og tilsette ved HVL. Informasjon om billettar finn du på Canvas. Tilsette finn info på intranettet. 

kl: 20:30: Dørene opnar på Larris

kl. 21:30: Konsertar:

  • The Great Western 
  • Erik og Kriss. 

Feiringa fortset på Larris med DJ etter konsertane.