Medisinsk testing og vaksinasjon

Studentar ved helse- og sosialfaglege utdanningar kan stå i fare for å bli utsette  for smitte i løpet av studiet, og kan også smitte pasientar eller brukarar. Du er derfor omfatta av reglement for medisinsk testing og vaksinering.

Krav til medisinsk testing

Studentar som skal ut i praksisstudium eller klinisk undervisning, må vere merksame på smittestatusen sin når det gjeld tuberkulose (TBC) og meticillinresistente gule stafylokokkar (MRSA). 

Du har plikt til å sjå til at du følgjer dei krava som gjeld for medisinsk testing. 
Regelverket for smittevern følgjer til kvar tid tilrådingane frå Folkehelseinstituttet.  
 
Dersom du har vore utsett for smitterisiko for tuberkulose (TBC) eller meticillinresistente gule stafylokokkar (MRSA), må du teste deg før du skal ut i praksisstudium.
 
Du må vere merksam på dette gjennom heile studietida, til dømes dersom du reiser til risikoland eller på annan måte blir utsett for auka smitterisiko.
 

Tuberkulose (TBC)

TBC er ein bakteriesjukdom som smittar ved luftsmitte. Du kan ha plikt til å undersøkje deg for tuberkulose før du kan gå ut i praksis. Dette gjeld dersom du skal ut i praksis innan helse- og sosialfag, eller i praksis i skule eller barnehage.

Når må du teste deg?

Du har plikt til å teste deg dersom du:

  •  i løpet av dei tre siste åra har opphalde deg minst tre månadar i land med høg førekomst av tuberkulose
  • har vore i kontakt med tuberculøs smitte eller på annan  måte vore utsett for tuberculøs smitte

Som hovudregel kan du ikkje tiltre praksisstudium eller kliniske studium før negativt prøvesvar ligg føre.
Dersom du allereie er i praksisstudium eller kliniske studium, må du melde frå til praksisstaden og følgje rutinar der. Du må òg varsle praksiskoordinator ved utdanninga med ein gong.

Sjå Folkehelseinstituttet sin oversikt over land med høg førekomst av tuberkulose

Tuberkuloseundersøkinga

Du må sjølv sørgje for tuberkuloseundersøking (blodprøve: IGRA og røntgen av thorax). Undersøkinga skal takast 8–10 veker etter heimkomst eller mogleg eksponering.

Dersom du skal på utveksling til eit land med høg førekomst av tuberkulose, bør du bestille time for testing før du reiser. Snakk med kontaktpersonen din for utveksling om dette.

Studentar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett må òg dokumentere tuberkuloseundersøking dersom dei har opphalde seg meir enn tre månader i land med høg førekomst av tuberkulose.

Du må kunne dokumentere resultatet av testinga og leggje dette fram for praksisstaden dersom det blir etterspurd.

Tuberkoluseundersøking, kvar kan du ta kontakt?

Om du får ei positiv tuberkuloseprøve

Om prøven er positiv, må du gjennomgå behandling. Ein positiv prøve kan, avhengig av smittestatus, føre til at du ikkje kan følgje klinisk undervisning saman med kullet ditt, og kan derfor påverke studieprogresjonen din. Ein positiv prøve er likevel ikkje til hinder for å følgje den teoretiske delen av studiet.

Du må melde frå til praksiskoordinator foir ditt studie ved høgskolen/campus umiddelbart for vidare oppfølging.

Meticillinresistente gule stafylokokker (MRSA)

MRSA er nemninga på ein bakterie (gule stafylokokkar) som har utvikla resistens mot viktige typar antibiotika. Før du skal ha praksis eller klinisk undervisning på sjukehus eller i sjukeheim, kan du ha plikt til å teste deg for MRSA.

Når må du teste deg?

Du har plikt til å teste deg om du i løpet av dei siste 12 månadane har:

  • fått påvist MRSA, sjølv om seinare kontrollprøver har vore negativ
  • budd i same husstand som ein MRSA-positiv person
  • hatt nær kontakt med MRSA-positive utan å bruke beskyttelsesutstyr, til dømes ved fysisk kontakt over tid, ved å ha vore saman med ein kjent MRSA-positiv person, eller ved handhelsing, klemming eller liknande utan bruk av hanskar og munnbind
  • vore i eit land utanfor Norden der du har:
    o
      vore innlagd i ei helseinstitusjon
    o
      fått omfattande undersøkingar eller behandling i ei helseteneste
    o
      arbeidd som helsearbeidar (pasientretta arbeid både i og utanfor helseinstitusjon, til dømes i heimetenesta, i sjukeheim, på sjukehus eller i bistands‑ eller nødhjelpsarbeid
  • opphalde deg i barneheim eller flyktningleir

Det er ditt ansvar å melde frå dersom du blir utsett for smitte seinare i studieløpet.

Undersøking for MRSA, kvar kan du ta kontakt?

Det kan vere strengare krav til dokumentasjon ved nokre praksisplassar der du må levere til dømes ein eigenerklæring.

Om du får ein positiv MRSA-prøve

Om prøven er positiv må du gjennomgå behandling og varsle praksiskoordinator for ditt studie ved høgskolen/campus umiddelbart.

Du kan som hovudregel ikkje tiltre i praksis/kliniske studie før negativt prøvesvar ligg føre, Det kan ta tid før du får svar på prøven.  Dersom du allereise er i praksis, må du melde frå til praksisstaden og følgje rutinane der.

Du må dokumentere resultat av testina og vise fram denne for praksistaden ved behov.

Dette kan føre til at du ikkje kan delta i praksis eller klinisk undervisning saman med kullet ditt, og kan derfor påverke studieprogresjonen din. Ein positiv prøve er likevel ikkje til hinder for å følgje den teoretiske delen av studiet.

Vaksinasjon mot hepatitt B

Du bør vaksinere deg mot hepatitt B dersom du ikkje allereie er vaksinert. Dette gjeld særleg deg som er student ved:

  • bioingeniørutdanning
  • master jordmorfag
  • master i klinisk sjukepleie med spesialitetane anestesisjukepleie, barnesjukepleie, intensivsjukepleie og operasjonssjukepleie 

Om du ikkje er vaksinert kan du risikere å bli utsett for smitte, og du kan også risikere å smitte andre. Vaksineringa bør vere fullført før du har kontakt med pasientar.

Er du usikker på kva vaksiner du har teke og når, kan du sjekke vaksinetenesta på helsenorge.no.

Vaksine mot hepatitt B, kvar kan du ta kontakt?

Vaksinasjon mot tuberkulose (BCG-vaksine)

Tuberkulose er ein bakteriesjukdom som smittar med luftsmitte. Det er lite tuberkulose i Noreg i dag, og det vert difor ikkje gitt rutinemessig BCG-vaksine til norske barn i barnevaksinasjonsprogrammet.

Folkehelseinstituttet si tilråding om BCG-vaksine i yrkessamanheng vil vanlegvis berre omfatte helsepersonell i spesialisthelsetenesta som over tid (ca. 3 månadar) skal arbeide med:

• vaksne pasientar med smittsam lungetuberkulose
• dyrking av mykobakterier i mikrobiologisk laboratorium

Ved særlige forhold og etter individuell vurdering kan BCG-vaksine også være aktuell for enkelte andre medarbeidar i helsetenesta, i fengsel eller i ankomstmottak, eller ved utanlandsreiser. 

Oppfølging av barnevaksinasjonsprogrammet

Studentar og andre vert generelt anbefalt å følgje opp vaksinene i barnevaksinasjonsprogrammet kvart 10. år. Ta kontakt med fastlegen din om dette. 

Du kan sjekke vaksinasjonsstatusen din ved å logge deg inn på vaksinetenesta på helsenorge.no

Andre vaksiner

Når det gjeld vaksine mot influensa og vannkopper/varicella, må du særleg vurdere om anbefalinga i vaksineveilederen gjeld deg. Les meir på folkehelseinstituttet sine nettsidar