Kor kan du ha sjukepleiepraksis?

Vi innhentar praksisplassar for alle studentar før studieåret startar. Her kan du lese meir om kva det betyr for deg.

Då vi har svært mange sjukepleiarastudentar, må du rette deg etter praksisfeltet på din studiestad. Studentar vil få tildelt praksisplass utifrå dei avtalane som kvar campus har med kommunene, men fortrinnsvis blir praksisplassane tildelt slik:     

  • Studentar ved campus Førde får praksisplass i Sogn og Fjordane
  • Studentar ved campus Bergen får praksisplass i Hordaland
  • Studentar ved campus Stord og campus Haugesund får praksisplass i Sunnhordland og delar av Rogaland

Tek du desentralisert sjukepleie i Bergen?

Eit unntak er for deg som er student på desentralisert sjukepleiardanning i Bergen. Du skal fortrinnsvis ha praksis i den kommunen du jobbar i. 

Har du særskilde behov?

Om du har særskilde behov,  kan du søke om praksisplass andre stader innan praksisfeltet til Høgskulen. Du må sende oss ein dokumentert søknad som vi vurderer utifrå gitte kriterier i ny forskrift. Tildeling av praksisplass føreset at vi har praksisplassar i den kommunen eller staden du ønsker.