Innhald i praksisemna på LUPE kroppsøving

1. studieår

Det første året i LUPE vil praksis vere retta mot 1. – 10. trinn i grunnskulen. Emnet LUPEKP100 kroppsøving og idrettsfag vil bestå av to ulike praksisperiodar, totalt 40 arbeidsdagar. Eitt semester på barnetrinn, eitt semester på ungdomstrinn.

Innhald i emnet LUPEKP100

Praksis i dette emnet vil fokusere på å gi studentane erfaring i å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i kroppsøving, med vekt på å utvikle og legge til rette for gode læringsmiljø der fysisk-motorisk læring hos elevane står sentralt. Studenten skal ha kunnskap om barn og unge sine føresetnader for deltaking i leik og ulike bevegelses aktivitetar, samt bidra aktivt for at elevane opplever meistring og meiningsfylte læringssituasjonar i kroppsøvingsfaget. Studentane sitt arbeid med undervisning i praksisperioden skal til ei kvar tid vere forankra i gjeldande læreplanverk i faget. Arbeid ut frå kjerneelement, tverrfaglege tema, grunnleggjande ferdigheiter og aktuelle kompetansemål skal difor stå sentralt i studentane sin undervisningspraksis. I emnet er det også vektlagt at studentane er i stand til å reflektere omkring og løyse ulike fagdidaktiske utfordringar som kan oppstå i møtet med ei elevgruppe på barne-/ungdomstrinn. Tema som mellom anna utøving av kroppsøvingslærarrollen, tilpassa opplæring, undervisningsmetodikk og -prinsipp, er retningsgjevande for kva studentane skal utfordrast i gjennom praksisperioden. Det vert også lagt vekt på at studenten skal utvikle kunnskap om samspelet mellom elevar -og mellom elev og lærar, om skuleleiing, klasseleiing, teamarbeid og skule-heimsamarbeid. Eit trygt og forutsigbart læringsmiljø kjenneteikna av gode relasjonar mellom lærar og elev -samt elevane seg imellom, er sentralt for elevane si trivsel og deira ønskje om å delta i læringsprosessar som fremjar fysisk-motorisk læring i kroppsøving. Dette er ein viktig føresetnad for å sikre det overordna formålet om livslang rørsleglede, gjengjeve i læreplanen for faget. Relasjonsbygging og profesjonell utøving av kroppsøvingslærarrolla er difor noko studentane særleg skal øvast i.

For meir informasjon om læringsutbytte, sjå emneplan for praksis 1.studieår.

Omfang og organisering

Det skal gjennomførast totalt 40 dagar i praksis på barne-/ungdomstrinn. 20 dagar i løpet av haustsemesteret, og 20 dagar i løpet av vårsemesteret. Studenten skal vere til stades 7,5 timar kvar dag (vanleg arbeidsdag = 1 praksisdag). Studentane vert delt i praksisgrupper. Undervisninga skal fordelast jamt mellom studentane.

Grunnskulepraksis 20 dagar haust og 20 dagar vår

5 dagar samanhengande observasjonspraksis:

    • Praksisgruppa observerer primært sin praksisklasse, men det er og ynskjeleg at dei kan få observere noko i andre klassar, ulike lærarar og gjerne mest mogleg kroppsøvingsundervisning/kroppsøvingsfaglege aktivitetar, for å gi eit variert og heilskapleg bilete av mangfaldet i arbeidsoppgåver, kroppsøving som fag og grunnskulen som skuleslag.

 15 dagar punktpraksis 

    • Studentane skal i etterkant av observasjonsveka gjennomføre 7 veker punktpraksis, to praksisdagar i veka.
    • Punktpraksisen skal gjennomførast tysdagar og fredagar.
    • Studentane skal også her vere til stades 7,5 timar kvar dag, og minst 3 av desse timane skal vere knytt til undervisning. (observasjon eller undervisning)
    • Praksisgruppa skal gjennomføre noko kroppsøvingsfaglege aktivitetar kvar praksisdag, enten i praksisklassen, ved at dei overtek praksislærar si kroppsøvingsundervisning i andre klassar på barne-/ungdomstrinn eller ved at dei får delta og undervise andre kroppsøvingslærarar si undervisning.

Rettleiing

Studenten skal ha rettleiing før og etter all undervisning. Praksislærar har ansvar for at praksisgruppa får minimum ein time rettleiing i grupper per dag. I løpet av praksisperioden skal praksislærar også ha ein-til-ein samtale med kvar student minst 3 gonger. Tidspunkt for rettleiing skal avtalast og timeplanfestast i forkant av praksisperioden. Praksislærar har ansvar for at dette blir følgt opp. Rettleiinga skal ha fokus på at studenten får reflektere rundt eigen praksis, vere knytt til måla for praksisperioden og sikre progresjon for kvar enkelt student.

Studenten skal stille førebudd til alle rettleiingsøkter og levere planleggingsdokument i god tid i forkant av undervisning eller kroppsøvingsfagleg aktivitet, slik at dei kan få rettleiing på dette. Konkrete avtalar rundt korleis og tidspunkt for slike dokument, må avtalast med kvar einskilde praksislærar. Rettleiinga kan gjennomførast med ein eller fleire praksislærarar, eller faglærar ved behov.

Plan for praksis

I løpet av observasjonsveka skal praksislærar og praksisgruppe utforme ein plan for resten av praksisperioden. Denne skal skriftleggjerast, og det skal kome fram tidspunkt, aktivitetar, kven som har ansvaret og eventuelt andre merknadar. Denne planen skal synleggjere for både praksislærar og studentar avtalar og forventingar knytt til oppmøte og ansvarsområde, samt å gi eit totalbilete som er med på å sikre at studentane får ei hovudvekt av erfaringar knytt til kroppsøvingsfaget og kroppsøvingsfaglege aktivitetar. Tidspunkt for rettleiing skal også inngå i denne planen. Ein kopi av denne skal sendast til faglærar ved HVL som har ansvar for praksisoppfølging.

 

 

2. studieår

Det andre året i LUPE vil praksis vere retta mot 1. – 10. trinn i grunnskulen og vidaregåande skule. Emnet LUPEKP200 kroppsøving og idrettsfag vil bestå av totalt 30 arbeidsdagar med skulepraksis. 25 dagar praksis i vidaregåande skule og 5 dagar overtakingspraksis på 1-10. trinn i grunnskulen.

Deltaking i praksisopplæringa er obligatorisk. Det gjeld førebuingar, planleggingsmøte, gjennomføring og etterarbeid. Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert. Studenten kan ikkje ha praksis på eigen arbeidsplass. Studentar kan heller ikkje ha praksis på ein skule kor dei har nære relasjoner til nokon i personalet eller kor eiget/eigne barn er elev(ar).

I skulepraksis skal faglærarane ved høgskulen følgje opp praksisskulane og studentane i praksisperioden.

P1: 5 veker praksis i vidaregåande skule

Omfang og organisering

25 dagar samanhengande praksis i vidaregåande skule.

Praksisgruppa observerer primært sin praksislærar gjennom første veka. Dersom det er mogleg er det ynskjeleg at dei kan få observere fleire klassar/lærarar, og mest mogleg kroppsøving og idrettsfagsundervisning.

Studenten skal vere tilstades 7,5 timer kvar dag (vanleg arbeidsdag er lik ein praksisdag), og minst 3 av desse timane skal vere knytt til undervisning.

I praksis i vidaregående skule skal studentane følgje arbeidsdagen og arbeidsoppgåver til praksislærar så langt det er mogleg. Føremålet er å gje eit variert og heilskapleg bilete av mangfaldet i arbeidsoppgåver. I tillegg skal studenten observere når praksislærar og medstudentar underviser og vil bli dratt inn som medlærarar når andre har undervisningsansvaret, til dømes ved gruppedeling eller i elevrettleiing.

Praksis kan også gjennomførast på enkelte andre dagar/kveldar i forbindelse med planleggingsdagar, foreldremøte, elevsamtaler, foreldresamtaler, aktivitetsdagar, ekskursjonar m.m.

Rettleiing

All praksis i faglærerutdanninga er rettleia. Rettleinga skal ha fokus på studenten sin refleksjon, vere knytta til måla for kvar enkelt praksisperiode og sikre progresjon for kvar enkelt student.. Før- og etterrettleiing kan gjennomførast individuelt og i grupper. Tidspunkt for rettleiing skal avtalast og timeplanfestast i forkant av praksisperioden og det er praksislærar sitt ansvar å sørgje for at rettleiinga blir gjennomført.

Studentane skal stille førebudd til alle rettleiingsøkter og levere planleggningsdokument i god tid i forkant av undervisning, slik at dei kan få rettleiing på dette. Konkrete avtalar rundt korleis og på kva  tidspunkt desse dokumenta skal leverast, må avtalast med kvar einskild praksislærar. Praksislærar har ansvar for at praksisgruppa får minimum ein time rettleiing i grupper per dag. I løpet av praksisperioden skal praksislærar også leggje til rette for ein-til-ein samtale med kvar student ein gong i veka. Rettleiinga skal ha fokus på at studenten får reflektere rundt eigen praksis, vere knytt til måla for praksisperioden og sikre progresjon for kvar enkelt student.

Rettleiinga kan gjennomførast med ein eller fleire praksislærarar, eller faglærar ved behov.

 
Plan for praksis

På det digitale praksisførebuande møte før praksis eller i løpet av første praksisveka skal praksislærar og praksisgruppa utforme ein plan for resten av praksisperioden. Denne skal skriftleggjerast, og det skal kome fram tidspunkt, aktivitetar, kven som har ansvaret og evt. andre merknadar. Denne planen skal synleggjere for både praksislærar og studentar avtalar og forventingar knytt til oppmøte og ansvarsområde, samt å gi eit totalbilete som er med på å sikre at studentane får ei hovudvekt av erfaringar knytt til kroppsøving, idrettsfag og kroppsøvingsfaglege og idrettsfaglege aktivitetar. Tidspunkt for rettleiing skal avtalast og timeplanfestast i forkant av praksisperioden og inngå i planen. Ein kopi av denne skal innan vekeslutt første praksisveke sendast til faglærar ved HVL som har ansvar for praksisoppfølging.

P2: 5 dagar praksis i grunnskule

Omfang og organisering

5 dagar skuledeltaking i grunnskulen.

Det vil vere eit digitalt praksisførebuande møte i forkant av praksisveka.

Studenten skal vere til stede 7,5 timer kvar dag (vanleg arbeidsdag er lik ein praksisdag), og minst 3 av desse timane skal vere knytt til undervisning.

Mål for skuledeltakinga er at studentane skal:

  • skaffe seg innblikk i, og kunnskap om skulen som organisasjon
  • få øving i å arbeide tverrfagleg med faget kroppsøving
  • ha fokus på fysisk aktivitet utover den ordinære undervisninga i kroppsøvings-/idrettsfaget

Dette gjennomførast ved observasjon, deltaking i undervisning og eiget ansvar for undervisning. For å oppnå rett timeomfang kan kroppsøving/fysisk aktivitet/idrett inngå som del i tverrfaglege opplegg, og fysisk aktiv læring kan nyttast i alle fag.

Plan for praksis

På praksisførebuande møte skal studentar og praksislærar i lag utforme ein skriftleg plan for praksisveka. Planen skal innehalde tidspunkt, aktivitetar, kven som har ansvaret for undervisning, rettleiingstidspunkt og evt. andre merknadar. Den skal synleggjere for både praksislærar og studentar avtalar og forventingar knytt til oppmøte og ansvarsområde. Tidspunkt for rettleiing skal avtalast og timeplanfestast i forkant av praksisperioden og inngå i planen.

Studentane skal levere planleggingsskjema til praksislærar i god tid før undervisninga, slik at ein kan få rettleiing før undervisningsøkta. Skjemaet skal vere så klart og detaljert at andre skal kunne gjennomføre undervisninga ut frå det.