Retningslinjer for praksis LUPE musikk 1.studieår

Første studieår vil praksis vere retta mot 1. – 7. trinn i grunnskulen og SFO, samt det å leie og initiere musikkaktivitetar for varierte målgrupper. Emnet LUPEMP100 Musikk vil bestå av 4 ulike delpraksisar.

Innhald i emnet LUPEMP100

Praksis i dette emnet vil fokusere på å gi studentane erfaring i å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i musikk, i tverrfagleg arbeid og utvikling av læringsmiljø. Studenten skal ha kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurderingsformer som særpregar musikkfaget og skal nytte denne kunnskapen til å leggje til rette for utvikling av elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i arbeidet med musikkfaget. Musikkfaget er tradisjonelt eit lite undervisningsfag i grunnskulen, men noko av det som særpregar musikkfaget er korleis musikk ofte vert nytta som eit støttefag og eit regifag i andre fag. Musikkfaglege aktivitetar kan dermed inngå også i andre undervisningsfag. Studentane skal difor gjennom praksisperioden reflektere over og initiere også denne typen musikkaktivitetar både i grunnskulepraksis, SFO og prosjektpraksisar i regi av HVL. I emnet er det også vektlagt at studenten skal utvikle kunnskap om samspelet mellom elevar og mellom elev og lærar, om skuleleiing, klasseleiing, teamarbeid og skule-heimsamarbeid. Denne type kunnskap og kompetanse kan ein tileigne seg gjennom å øve på klasseleiing og relasjonsbygging i ulike undervisningssamanhengar – også utover musikkfaget, og studentane vil difor verta utfordra på å delta i undervisningsaktivitetar også i andre undervisningsfag enn musikk.

For meir informasjon om læringsutbytte, sjå emneplan for praksis 1.studieår.

Haust: 15 dagar praksis på småtrinn og SFO (2.-4. trinn)

Omfang og organisering

Studenten skal vere til stades 7,5 timar kvar dag (vanleg arbeidsdag = 1 praksisdag). Studentane vert delt i praksisgrupper på 2-4 studentar pr gruppe. Undervisninga skal fordelast jamt mellom studentane. 

  • 5 dagar samanhengande observasjonspraksis
    • Praksisgruppa observerer primært sin praksisklasse, men det er og ynskjeleg at dei kan få observere noko i andre klassar, ulike lærarar og gjerne mest mogleg musikkundervisning/musikkaktivitetar, for å gi eit variert og heilskapleg bilete av mangfaldet i arbeidsoppgåver, musikk som fag og grunnskulen som skuleslag.

 1 veke samanhengande undervisningspraksis i praksisklasse

    • Praksisgruppa føl enten praksisklassen sin eller praksislærar sin arbeidsdag. Kvar student må delta i undervisningsaktivitetar gjennomsnittleg 3 klokketimar per dag som eit minimum (observasjon eller undervisning). Resten av praksisdagen skal nyttast til rettleiing, møte, førebuing, vurderingsarbeid og skule-heim samarbeid.
    • Ein kan og opne opp for å følgje med elevane over i SFO og at musikkstudentane kan initiere musikkaktivitetar i SFO dersom det er vanskeleg å få nok musikkaktivitetar inn i praksisperioden.
    • På småtrinnet er musikkfaget eit lite fag i reine undervisningstimar, men vert ofte nytta som støttefag, regifag og strategifag. Praksisgruppa skal enten som heil gruppe, individuelt eller i par leie minst ein musikkaktivitet med praksisklassen kvar dag. Dette kan vere ein musikktime eller som ein del av eit anna fag, t.d: samlingsstund med song og musikk, song i andre fag som t.d. norsk/engelsk, dans i kroppsøving. Me oppmodar praksislærar og praksisstudentar til å vere kreative og tenke tverrfagleg, for at studentane skal få mest mogleg trening i klasseleiing og det å organisere og leie musikkfaglege aktivitetar.
    • For at studentane skal få mest mogleg mengdetrening i klasseleiing og utvikling av relasjonskompetanse, kan dei og verta utfordra på å leie undervisning og aktivitetar i andre skulefag, leie morgonsamlingar, avslutningar osv. utover rein musikkundervisning og musikkaktivitetar
    • Studentane skal observere når praksislærar og medstudentar underviser og bli trekt inn som medlærarar når andre har undervisningsansvar, t.d. ved gruppedeling eller i elevrettleiing.
  • 5 dagar punktpraksis
    • Studentane skal i etterkant av dei to intensive praksisvekene gjennomføre fem dagar punktpraksis.
    • Punktpraksisen skal gjennomførast onsdag eller fredag, evt. begge dagar om praksisgruppa og praksislærar vert einige om at dette er mest hensiktsmessig.
    • Studentane skal også her vere til stades 7,5 timar kvar dag, og minst 3 av desse timane skal vere knytt til undervisning.
    • Praksisgruppa skal gjennomføre noko musikkfaglege aktivitetar kvar praksisdag, enten i praksisklassen, ved at dei overtek praksislærar si musikkundervisning i andre klassar på småtrinnet eller ved at dei får delta og undervise andre musikklærarar si undervisning. Men også her kan øving i klasseleiing gjennom å leie andre aktivitetar og andre skulefag inngå som ein del av praksisen.
  • Planlegging og gjennomføring av musikkaktivitetar:
    • I denne førstepraksisperioden ved utdanninga er det lagt opp til at praksislærar i stor grad skal vere med å modellere studentane sine undervisningsaktivitetar i musikk og støtte dei i planlegginga av undervisningsaktivitetar. I løpet av praksisperioden skal studentane likevel få moglegheit til å ta initiativ og gjennomføre eit opplegg i musikk, dei sjølv er ansvarlege for å planlegge. Opplegget skal passe inn i elevane sin progresjon og skal rettleiast av praksislærar, og student og praksislærar vert sjølv einige om omfang. Studentane skal som ein del av praksisoppgåva evaluere og reflektere over planlegginga, førebuing og gjennomføring av opplegget i etterkant.

Rettleiing

Studenten skal ha rettleiing før og etter all undervisning. Praksislærar har ansvar for at praksisgruppa får minimum ein time rettleiing i grupper per dag. I løpet av praksisperioden skal praksislærar også ha ein-til-ein samtale med kvar student minst 3 gonger. Tidspunkt for rettleiing skal avtalast og timeplanfestast i forkant av praksisperioden. Praksislærar har ansvar for at dette blir fulgt opp. Rettleiinga skal ha fokus på at studenten får reflektere rundt eigen praksis, vere knytt til måla for praksisperioden og sikre progresjon for kvar enkelt student.

Studenten skal stille førebudd til alle rettleiingsøkter og levere planleggingsdokument i god tid i forkant av undervisning eller musikkaktivitet, slik at dei kan få rettleiing på dette. Konkrete avtalar rundt korleis og tidspunkt for slike dokument, må avtalast med kvar einskilde praksislærar. Rettleiinga kan gjennomførast med ein eller fleire praksislærarar, eller faglærar ved behov.

Plan for praksis

I løpet av observasjonsveka (v.39) skal praksislærar og praksisgruppe utforme ein plan for resten av praksisperioden. Denne skal skriftleggjerast, og det skal kome fram tidspunkt,  aktivitetar, kven som har ansvaret og evt. andre merknadar. Denne planen skal synleggjere for både praksislærar og studentar avtalar og forventingar knytt til oppmøte og ansvarsområder, samt å gi eit totalbilete som er med på å sikre at studentane får ei hovudvekt av erfaringar knytt til musikkfaget og musikkfaglege aktivitetar. Tidspunkt for rettleiing skal også inngå i denne planen. Ein kopi av denne skal sendast til faglærar ved HVL som har ansvar for praksisoppfølging.

Praksisoppgåve

  • Som ein del av emnet inngår ei skriftleg oppgåve som obligatorisk læringsaktivitet. Denne oppgåva inneheld fleire element frå begge praksisperiodane, deriblandt at studenten skal dokumentere og reflektere over planlegging og gjennomføring musikkundervisning, reflektere over musikkfagets plass i skulekvardagen, utforme og evaluere eigne mål for praksis og reflektere rundt allsong som musiseringsform. Sjå oppgåvetekst «Praksisoppgåve 1. studieår, haust» for utfyllande oppgåveskildring.

Vurdering av praksis

Etter gjennomført praksis blir studenten vurdert etter karakterskalaen bestått/ikkje bestått. Det er praksislærar og profesjonsrettleiar som i samarbeid fastset karakteren. Praksislærar har ansvar for å involvere høgskulen og rektor i vurderinga dersom det er tvil om studenten har bestått praksis. 

Etter avslutta praksisperiode gjev praksislærar studenten ei skriftleg sluttvurdering. Praksislærar informerer studenten om karakteren i ein individuell vurderingssamtale siste dag i praksis. Vurderingsskjema skal signerast av praksislærar og student. Studenten og praksislærar beheld ein kopi kvar. Studenten leverer vurderinga digitalt i Wiseflow så snart praksisperioden er avslutta. Profesjonsrettleiar setter karakter i Wiseflow.

Vurderingsskjemaet er berre til intern bruk i studiet og kan ikkje brukast ved andre høve, som til dømes ved jobbsøknad.

Haust: Prosjektpraksis (song-prosjekt) på campus med faglærar frå HVL

Omfang og organisering

Prosjektpraksisen er knytt til allsong-initiativet til forskargruppa «Sang i danning» ved HVL, hausten 2022. Studentane skal her få erfaring i å leie allsong og musisere saman med ei variert målgruppe. Allsong-stundene går føre seg tysdagar 11.30-12.00. Studentane vert delt i grupper på 2-3 studentar pr. gruppe og alle i gruppa skal delta aktivt både i song og leiing. 

  • Obligatorisk deltaking på ressursforelesning og workshop om songleiing. Tidspunkt spesifisert i semesterplanen
  • Leie ein allsong som gruppa sjølv vel, på avtalt dato.
    • Gruppa vel sjølv toneart, ordnar notar til akkompagnatør og øver med desse
    • Lage slide til powerpoint
    • Ta seg av all innøving/songleiing av denne songen med deltakarane på allsongstunda
  • Alle skal observere minst 4 allsongstunder i løpet av hausten, i tillegg til den dei bidrar til sjølv

Rettleiing

Gruppa skal gjennomføre 1 time rettleiing i forkant og 1 time rettleiing i etterkant med ansvarleg faglærar. Rettleiinga skal fokusere på metodiske og didaktiske grep for å leie allsong, samt studenten sine erfaringar frå gjennomføringa og kritiske refleksjonar knytt til gjennomføringa. Det skal foreligge ein skriftleg plan for gjennomføringa av songstunda i forkant av rettleiinga, slik at studentane kan få rettleiing på dette.

Praksisoppgåve

Som ein del av praksisperioden skal det skrivast to observasjonar og to refleksjonar knytt til allsongstundene i diskusjonsforum på canvas. Desse observasjonane og refleksjonane er ein del av den skriftlege praksisoppgåva som er ein obligatorisk læringsaktivitet i emnet. Sjå oppgåvetekst «Praksisoppgåve 1. studieår, haust» for utfyllande oppgåveskildring. 

Vurdering

Etter gjennomført praksis vert studenten vurdert etter karakterskalaen bestått/ikkje bestått. Ansvarleg faglærar/profesjonsrettleiar fastset i samarbeid karakteren og er ansvarleg for å innhente opplysningar frå andre faglærarar som har delteke i praksisperioden.  Faglærar/profesjonsrettleiar fyller ut vurderingsskjema og gjennomfører ein vurderingssamtale med kvar enkelt student i etterkant av gjennomført praksis. Vurderingsskjema skal signerast av praksislærar og student. Studenten og praksislærar beheld ein kopi kvar. Studenten leverer vurderinga digitalt i Wiseflow så snart praksisperioden er avslutta. Profesjonsrettleiar setter karakter i Wiseflow.

Vår: 15 dagar praksis på mellomtrinn (5.-7. trinn)

Omfang og organisering

Studenten skal vere til stades 7,5 timar kvar dag (vanleg arbeidsdag = 1 praksisdag). Studentane vert delt i praksisgrupper på 2-4 studentar pr gruppe. Undervisning skal fordelast jamt mellom studentane. 

  • 5 dagar samanhengande observasjonspraksis 
    • Praksisgruppa observerer sin praksislærar, men det er og ynskjeleg at dei kan få observere noko i andre klassar, ulike lærarar og mest mogleg musikkundervisning/musikkaktivitetar. Praksisoppgåva denne perioden har fokus på ulike former for klasseleiing og det er ynskjeleg at studentane får observere ulike tilnærmingar til dette
  • 10 dagar samanhengande undervisningspraksis 
    • Praksisgruppa føl praksislærar sin arbeidsdag så langt det let seg gjere. Kvar student må delta i undervisning gjennomsnittleg 3 klokketimar per dag som eit minimum (observasjon eller undervisning). Resten av praksisdagen skal nyttast til rettleiing, møte, førebuing, vurderingsarbeid, skule-heim samarbeid og deltaking på SFO.
    • 15 timar av undervisninga skal vere i musikk. Dette kan løysast ved at studentane får lov å undervise andre faglærarar sine musikktimar, eller ved at ein t.d. organiserer undervisninga i tverrfaglege prosjekt der musikk inngår som eit av faga, dersom praksislærar ikkje har nok musikktimar i løpet av praksisperioden
    • For at studentane skal få mest mogleg mengdetrening i klasseleiing og utvikling av relasjonskompetanse, kan dei og verta utfordra på å leie undervisning og aktivitetar i andre skulefag, leie morgonsamlingar, avslutningar osv. utover rein musikkundervisning og musikkaktivitetar
    • Studentane skal observere når praksislærar og medstudentar underviser og bli trekt inn som medlærarar når andre har undervisningsansvar, t.d. ved gruppedeling eller i elevrettleiing.

Rettleiing

Studenten skal ha rettleiing før og etter all undervisning. Praksislærar har ansvar for at praksisgruppa får minimum ein time rettleiing i grupper per dag. I løpet av praksisperioden skal praksislærar også ha ein-til-ein samtale med kvar student minst 3 gonger. Tidspunkt for rettleiing skal avtalast og timeplanfestast i forkant av praksisperioden. Praksislærar har ansvar for at dette blir fulgt opp. Rettleiinga skal ha fokus på at studenten får reflektere rundt eigen praksis, vere knytt til måla for praksisperioden og sikre progresjon for kvar enkelt student.

Studenten skal stille førebudd til alle rettleiingsøkter og levere planleggingsdokument i god tid i forkant av undervisning eller musikkaktivitet, slik at dei kan få rettleiing på dette. Konkrete avtalar rundt korleis og tidspunkt for slike dokument, må avtalast med kvar einskilde praksislærar. Rettleiinga kan gjennomførast med ein eller fleire praksislærarar, eller faglærar ved behov.

Plan for praksis

I løpet av observasjonsveka (v.6) skal praksislærar og praksisgruppe utforme ein plan for resten av praksisperioden. Denne skal skriftleggjerast, og det skal kome fram tidspunkt,  aktivitetar, kven som har ansvaret og evt. andre merknadar. Denne planen skal synleggjere for både praksislærar og studentar avtalar og forventingar knytt til oppmøte og ansvarsområder, samt å gi eit totalbilete som er med på å sikre at studentane får ei hovudvekt av erfaringar knytt til musikkfaget og musikkfaglege aktivitetar. Tidspunkt for rettleiing skal også inngå i denne planen. Ein kopi av denne skal sendast til faglærar ved HVL som har ansvar for praksisoppfølging.

Vurdering av praksis

Etter gjennomført praksis blir studenten vurdert etter karakterskalaen bestått/ikkje bestått. Det er praksislærar og profesjonsrettleiar som i samarbeid fastset karakteren. Praksislærar har ansvar for å involvere høgskulen og rektor i vurderinga dersom det er tvil om studenten har bestått praksis. 

Etter avslutta praksisperiode gjev praksislærar studenten ei skriftleg sluttvurdering. Praksislærar informerer studenten om karakteren i ein individuell vurderingssamtale siste dag i praksis. Vurderingsskjema skal signerast av praksislærar og student. Studenten og praksislærar beheld ein kopi kvar. Studenten leverer vurderinga digitalt i Wiseflow så snart praksisperioden er avslutta. Profesjonsrettleiar setter karakter i Wiseflow.

Vurderingsskjemaet er berre til intern bruk i studiet og kan ikkje brukast ved andre høve, som til dømes ved jobbsøknad.

Vår: Workshoppraksis i lag med faglærar frå HVL, grunnskule som målgruppe

Omfang og organisering

Studentane skal få erfaring med å initiere, planlegge, førebu og gjennomføre workshop. Dei skal sjølv leie og utvikle ein workshop som dei skal gjennomføre med elevar i grunnskulen. Tema og metodikk vil bli bestemt av faglærarar ved HVL, då det vil bli knytt ressursforelesningar og eigen praksislærar (frå HVL) til denne praksisen. Studentane vil gjennom første studieår få innblikk i metodikken/temaet gjennom å delta på workshop og opparbeide seg erfaringar dei kan med i arbeidet med å utvikle eigen workshop. Studentane vert delt i grupper og alle i gruppa skal delta aktivt i både førebuing og gjennomføring.

  • Obligatorisk deltaking på ressursforelesningar/workshops gjennom studieåret. Tidspunkt vert spesifisert i semesterplanen.
  • Planlegge og førebu eigen workshop på timeplanfesta tidspunkt. Gjennomføre rettleiing med praksislærar. Tidspunkt vert spesifisert i timeplanen.
  • Obligatorisk utprøving av workshop med resten av klassen. Rettleiing i etterkant av gjennomføring. Tidspunkt vert spesifisert i timeplanen.
  • Gjennomføre workshop med 3 ulike elevgrupper i løpet av semesteret (tidspunkt vert spesifisert i timeplanen) på Stord og i Bergen. Praksislærar/faglærar vil følgje praksisgruppene.  

Rettleiing

Gruppa vil få rettleiing på timeplanfesta tidspunkt av faglærar/praksislærar, samt tilbakemeldingar frå medstudentar.

Praksisoppgåve

Som ein del av praksisperioden vert det lagt opp til ein munnleg refleksjonssamtale i klassen for å drøfte og evaluere gruppa sine erfaringar. Sjå dokumentet om prosjektpraksis.

Vurdering

Etter gjennomført praksis vert studenten vurdert etter karakterskalaen bestått/ikkje bestått. Praksislærar, samt faglærar som har observert studentane under gjennomføring av workshop fastset i samarbeid karakteren. Praksislærar og faglærar fyller ut vurderingsskjema og gjennomfører ein vurderingssamtale med kvar enkelt student i etterkant av gjennomført praksis. Vurderingsskjema skal signerast av praksislærar og student. Studenten og praksislærar beheld ein kopi kvar. Studenten leverer vurderinga digitalt i Wiseflow så snart praksisperioden er avslutta. Profesjonsrettleiar setter karakter i Wiseflow.