Grunnleggande kunnskap i helsefagleg praksis

Læringsressursane på denne sida er korte filmar om grunnlaget for profesjonell praksis.

Filmane er ved Geir Sverre Braut, lege med mange års erfaring frå praksis og helseforvalting. Braut er professor II ved Høgskulen på Vestlandet. 

Etikk

Alle som arbeider med og har ansvar for andre menneske må ha kunnskap om korleis ein tenker og handlar etisk forsvarleg.

Teieplikt / taushetsplikt

Teieplikta vernar om folk sin rett til å vere sårbare og svake.

Lov om pasient- og brukarrettigheter

Pasient- og brukerrettighetsloven er ei sentral lov for behandling av pasientar. Lova legg rammer for korleis helsearbeidarar skal opptre.

Lov om helsepersonell

Helsepersonelloven regulerer yrkesutøvinga til helsearbeidarar. Lova gir samtidig ein trygg og god plattform for yrkesutøvinga.

Den profesjonelle rolla

Kva vil det seie å vere profesjonell i yrkesutøvinga? Den profesjonelle rolla omfattar meir enn faglege ferdigheiter.

Eksempelet Rolf

I denne filmen får du fleire døme på teieplikt, etikk, den profesjonelle rolla og ulike lovar du må kjenne til når du skal ut i profesjonell praksis.


Praksis i helse- og sosialfag ved HVL

Skal du ut i praksis eller ta imot studentar i praksis? På nettsida for praksis finn du generelle rettar, reglar og plikter som du må kjenne til, og kva som særleg gjeld kvart enkelt studium.

Gå til nettsida for praksis