Tre studenter som smiler

Sistesemesterundersøkinga

Alle bachelorstudentar som er i sitt siste studieår får i desse dagar tilsendt ein e-post med invitasjon til å delta i Sistesemesterundersøkinga. Du svarar på undersøkinga i SurveyXact, og det tar ca. 6 minutt å gjennomføre.

Vi ønskjer å finne ut kva opplevingar du sit igjen med etter nesten fullført bachelorløp. Du får spørsmål om:

  • Korleis studieprogrammet har fungert for deg?
  • Kva har ikkje fungert *så* bra?
  • Yrkesrelevans

Undersøkinga er eit ledd i arbeidet for å betre kvaliteten i utdanningane ved HVL. Målet er at svara frå undersøkinga skal vere med på å gjere studentopplevinga ved HVL endå betre framover.