Studentambassadørar for HVL

Er du ein engasjert HVL-student som ser etter ein spennande deltidsjobb? Då kan jobben som studentambassadør vere noko for deg!

Som studentambassadør vil du ha ei viktig rolle i arbeidet med å marknadsføre høgskulen og hjelpe dei som vurderer å søke utdanning hos oss. 

Dette er ein perfekt deltidsjobb for studentar! Vi tar omsyn til praksis og obligatorisk undervisning. Å vere studentambassadør for HVL er ein fleksibel, sosial og gøy jobb. 

Stillinga er timebasert, og tilsvarar omtrent ein 20 %-stilling. Lønnstrinn 32 (ca. 206 kr/t).

Vi skal tilsette ei gruppe studentar, og ser etter deg som vil jobbe som innhaldsprodusent til SoMe eller reisande ambassadør.

 

Innhaldsprodusent til sosiale medium

Kva skal du gjere?

  • Lage innhald til HVL sin Instagram og TikTok.
  • Komme med innspel til utvikling av HVL sine kanalar.
  • Svare på spørsmål på vår chat på hvl.no i periodar.
  • Andre oppgåver kan også bli aktuelt.

Du blir del av ein studentredaksjon med studentar frå fleire campusar. Redaksjonen har digitalt redaksjonsmøte ein gong i veka.

Passar for deg som..

  • Er kreativ, engasjert og aktiv.
  • Ønskjer å lage gøy og inspirerande innhald.
  • Trivst foran kamera.
  • Likar å lære nye ting.
  • Vil bli kjend med andre studentar.
  • Har god formidlingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg.

 

Reisande ambassadør

Kva skal du gjere?

  • Reise på besøk til skular (hovudsakleg på vestlandet) for å halde presentasjonar og stå på stand.
  • Presentere høgskulen under ulike arrangement på campusane våre.
  • Halde omvisingar på campus.
  • Svare på spørsmål på vår chat på hvl.no i periodar.
  • Andre oppgåver kan også bli aktuelt.

På messer og skulebesøk reiser du som regel saman med andre HVL-ambassadørar. 

Passar for deg som..

  • Er sosial, positiv og løysingsorientert.
  • Likar å snakke med folk, også for forsamlingar.
  • Vil lære presentasjonsteknikk.
  • Vil bli kjend med andre studentar.
  • Har god formidlingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg.

 

Noko for deg?

Høyres dette ut som noko for deg? Send oss ein søknad der du svarar på spørsmåla under:

  • Kva heiter du og kor er du frå?
  • Kva studerer du og kvifor valde du dette?
  • Kva erfaring har du frå før?
  • Kvifor har du lyst til å vere studentambassadør?
  • Vil du vere innhaldsprodusent eller reisande ambassadør?

Søknadsfrist: mandag 4. september

Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju i september.