Studiebarometeret 2024

Sei kva du meiner om kvaliteten på studieprogrammet ditt!

22. oktober får alle 2.- og 5.-årsstudentar invitasjon på e-post til å svare på den nasjonale undersøkinga Studiebarometeret. Du kan svare via lenka du får tilsendt, eller logge deg inn via Studiebarometeret sine nettsider.

I år blir du mellom anna spurt om tilbakemelding og rettleiing, studentmedverknad og korleis ulike arbeidsformer bidreg til læring. Undersøkinga vil gi nyttige og interessante data, både for oss på HVL og på nasjonalt nivå.

Undersøkinga blir gjennomført i regi av NOKUT og Kunnskapsdepartementet.

Alle klassar ved HVL som har ein svarprosent på 80 % eller meir får pizza av fakultetet.

Resultata for kvart enkelt studieprogram i Noreg blir offentleggjort i portalen studiebarometeret.no.

Undersøkinga er open til 24. november.

Fagansvarleg for utdanningskvalitet og porteføljeanalyse
Høgskulen på Vestlandet
Rådgivar
Fakultet for helse- og sosialvitskap