Hopp til innhald

Stockholm University

Stockholms Universitet ligg vakkert til rett nord for Stockholm sentrum. Det er eit stort universitet med omlag 33.000 studentar og 1600 doktorgradskandidatar. Forskare ved HVL har eit samarbeide med forskarar på Stockholms Universitet innanfor matematikkdidaktikk og master og PhD studentar på ulike studieprogram som studerar matematikk kan dra nytte av dette ved å studere 3-6 månader i Stockholm.

Gjeld for

Studiestad Bergen

Erasmus+

Dette er en Erasmus+ avtale. Som Erasmusstudent deltar du i verdas største utvekslingsprogram og kan studere på gode europeiske universitet utan å betale skulepengar. Gjennom Erasmus+ får du ekstra stipend som gir deg meir pengar til å nyte opphaldet. <a href="//www.hvl.no/student/utveksling/reis-med-erasmus/">Les meir om korleis du kan reise på Erasmus+ utveksling.</a>

Studieavgift

Du betaler ikkje skulepengar ved denne institusjonen, og får Erasmus+ stipend i tillegg til støtte frå Lånekassen.

Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Faglig godkjenning

Før du reiser må du levere ei fagleg førehandsgodkjenning, ein såkalla Learning Agreement, som skal godkjennast av instituttleiar. Dette er ein garanti for at det du studerer i utlandet vil kunne gå inn i graden din ved HVL.

Instituttleiar eller internasjonal koordinator på avdelinga di kan rettleie deg med omsyn til val av emne.

Kva kan du studere?

Master i undervisningsvitskap

Du kan reise på utveksling i samband med fagdidaktisk fordjuping i matematikk i emne 4, vanlegvis i 2. semester. Alternativt kan du reise til Stockholm i samband med arbeidet på ei masteroppgåve innanfor matematikk.

Master i barnehagekunnskap, deltid

Du kan reise på utveksling i 2. semester og ta valemne innanfor matematikk. Alternativt kan du reise til Stockholm i samband med arbeidet på ei masteroppgåve innanfor matematikk.

Ph.d.-studiet Studium av danning og didaktiske praksisar

Avtal med veileder når det passer å dra på utveksling. Avtalen gjelder deg som forskar på matematikkdidaktikk.