Beloit College

Beloit College er eit private College i byen Beloit i Wisconsin, USA. Colleget vart stifta i 1846, medan Wisconsin framleis berre var eit territiorie som ennå ikkje hadde blitt ein delstat i USA. Colleget er det eldste i delstaten. I dag har Beloit College omlag 1300 studentar på lågare grad.

Beloit er ein liten by med omlag 37 000 innbyggjarar i Rock County, Wisconsin. Byen vart først kalla New Albany då den vart stifta i 1837, men navnet vart endra til Beloit i 1838.

Gjeld for

Campus Sogndal.

Praktiske forberedelser

Alle studentar som skal på utveksling til USA må søkje om studentvisum. I forbindelse med søknadsprosessen må du på visumintervju på den amerikanske ambassaden i Oslo. Dette vil de få meir informasjon om, både fra HVL og frå vertsinstitusjonen, i semesteret før avreise.

Språk

Du må ha 4 eller bedre i engelsk fra videregående. Om du ikkje har det må du ta ein språktest, f.eks. TOEFL eller IELTS.

Studieavgift

Utvekslingsstudentar betalar skulepengar. For studieåret 2017/2018 kostar det ca US$ 30 000 per semester, inkludert utgifter til bustad og mat (dorm og meal plan).

Faglig godkjenning

For å kunne søke om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved det fakultetet du tilhøyrer. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere medan du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL

Kva kan du studere?

Fornybar energi, bachelor, Sogndal

De kan reise på utveksling til Beloit College i 4. eller 5. semester.

Geologi og geofare, bachelorstudium, Sogndal

De kan reise på utveksling til Beloit College i 5. semester.