Philological School of Higher Education

WSF er eit privat universitet som vart oppretta i 2002. Deira mål er å utdanne studentar med gode praktiske og interdisiplinære kunnskapar gjennom høy kvalitet på utdanninga.

Wroclaw regionshovedstad med alt det inneber av kjøpesentre, kafear, restaurantar, musear og galleriar. Byen er eit viktig økonomisk sentrum og er en by med mange studenter.Nærregionen er naturskjønn og det er god tilgang til mange aktivitetar.

Gjeld for

Studiestad Sogndal

Erasmus+

Dette er ein Erasmus+ avtale. Som Erasmusstudent deltar du i verdas største utvekslingsprogram og kan studere på gode europeiske universitet utan å betale skulepengar. Gjennom Erasmus+ får du ekstra stipend som gir deg meir pengar til å nyte opphaldet.

Språk

Krav om B2 eller betre i engelsk.

Studieavgift

Du betaler ikkje skulepengar ved denne institusjonen, og får Erasmus+ stipend i tillegg til støtte frå Lånekassen.

Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Faglig godkjenning

For å søke om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ved det fakultetet du høyrer til. Ein godkjend søknad inneber mellom anna at du har fått ei fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserar kva du skal gjere medan du er på utveksling og at disse aktivitetane blir godkjend som del av utdanningsplanen din ved HVL. Instituttleiar eller internasjonal koordinator på avdelinga di kan rettleie deg med omsyn til val av emne.