Hopp til innhald

HAS Green Academy

HAS University of Applied Sciences har campusar i Venlo og i Den Bosch, ca ein times togtur frå Amsterdam.

HAS har vorte kåra til ei av dei beste spesialisthøgskulene i Nederland. Det er om lag 3000 studentar og 450 ansatte ved høgskulen som arbeidar på ein dynamisk måte i samarbeid mellom studentar, forelesarar og næringsliv.

Vårsemesteret i Nederland varer frå januar/februar til juni/juli. Haustsemesteret startar vanlegvis i slutten av august eller byrjinga av september.

Gjeld for

Utdanningar på Institutt for miljø- og naturvitskap og bachelorprogrammet i Folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet.

Erasmus+

Dette er ein Erasmus+ avtale. Som Erasmusstudent deltar du i verdas største utvekslingsprogram og kan studere på gode europeiske universitet utan å betale skulepengar. Gjennom Erasmus+ får du ekstra stipend som gir deg meir pengar til å nyte opphaldet. <a href="//www.hvl.no/student/utveksling/reis-med-erasmus/">Les meir om korleis du kan reise på Erasmus+ utveksling.</a>

Språk

Det er krav om B2 eller betre i engelsk.

Studieavgift

Du betaler ikkje skulepengar ved denne institusjonen, og får Erasmus+ stipend i tillegg til støtte frå Lånekassen.

Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Faglig godkjenning

For å søke om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ved det fakultetet du høyrer til. Ein godkjend søknad inneber mellom anna at du har fått ei fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserar kva du skal gjere medan du er på utveksling og at disse aktivitetane blir godkjend som del av utdanningsplanen din ved HVL. Instituttleiar eller internasjonal koordinator på avdelinga di kan rettleie deg med omsyn til val av emne.