Hopp til innhald

University Centre of the Westfjords

University Centre of the Westfjords er ein liten utdanningsinstitusjon, med masterprogram som vert undervist både for studentar på staden og fjernlæring-studentar.

Isafjordur er den største tettstaden nordvest på Island. Området har tundraklima med kalde vintre og tørre, svale somrar. Sjølv om fiske tradisjonelt sett har vore viktig har byen ein urban atmosfære og er kjend som eit sentrum for alternativ musikk på Island. Den kanskje største fordelen med å studere i Isafjordur er den tette kontakta mellom universitet, forskningsprosjekt og lokalmiljø.

Gjeld for

Master in Climate Change Management

Erasmus+

Dette er ein Erasmus+ avtale. Som Erasmusstudent deltar du i verdas største utvekslingsprogram og kan studere på gode europeiske universitet utan å betale skulepengar. Gjennom Erasmus+ får du ekstra stipend som gir deg meir pengar til å nyte opphaldet.

Språk

Det er krav om B2 i engelsk.

Alle som reiser på Erasmus+ utveksling må ta ein gratis språktest på nettet før dei reiser, og får tilgang til eit språkkurs gjennom denne tenesta. Avdeling for Forskning, Internasjonalisering og Innovasjon (AFII) informerer deg før testen.

Kan du dokumentere at delar av studiet vert undervist på islandsk, kan du få stønad frå Lånekassen til eit 4 ukers språkkurs som tas på Island i forkant av semesteret.

Studieavgift

Du betaler ikkje skulepengar ved denne institusjonen, og får Erasmus+ stipend i tillegg til støtte frå Lånekassen. Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Faglig godkjenning

For å kunne søke om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved det fakultetet du høyrer til. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere medan du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL.

Kva kan du studere?