Chinese Academy of Sciences

Ynskjer du å bidra til å utvikle miljøvenleg og berekraftig energiteknologi?

No kan du som er student på bachelorprogrammet i kjemi få stipend til å skrive bacheloroppgåve i Beijing saman med eit forskingsprosjektet som skal lage miljøvenleg og berekraftige batteriteknologi og energiløysingar ved bruk av ionisk væske og nanoteknologi. HVL har stipend til 2-3 studentar som ønsker å skrive bacheloroppgåva si i Beijing med rettleiing frå Bergen og Beijing.

Praktiske forberedelser

Du treng visum for å studere i Kina. Som del av visumsøknaden må du levere fingeravtrykk ved den kinesiske ambassaden i Oslo. Ver mersam på at ventetida for å gjere dette kan vere lang.

Studieavgift

Det er inga skolepengar for å studere ved CAS. Prosjektet har fått støtte gjennom UTFORSK og er del av HVLs samarbeidsavtale med Chinese Academy of Sciences. Studentar som drar i 2020 får i tillegg:

 

  • 2 000 NOK til visumsøknad (inkludert eventuell reise til Oslo)
  • 1 500 - 4 000 NOK per månad til å dekke deler av mat- og bukostnader i Kina
  • ekstra reisestøtte frå Lånekassen (dette må du søkje om sjølv)

Kva kan du studere?

Kjemi

Bacheloroppgåva skal innehalde

(1) Design og syntese av nye ILs som elektrolytttilsetningsstoff for batteri

(2) Karakterisering av kjemiske og fysikalske eigenskapar av ILs med: FTIR, UV-Vis, NMR, GC-MS, Denisty meter, Viscosity meter, Elektrokjemisk utstyr

(3) Elektrolytt førebuing for batteri

(4) Måling av konsentrasjon av vatn, tettheit, viskositet og ionisk konduktivitet

(5) Lage batteri med ILs elektrolytt

(6) Teste batteri med elektrokjemisk utstyr

 

Fleire fordelar med utvekslinga:

  •  
    • Du får høve til å publisere tidsskriftartiklar
    • studera vidare på master- eller ph.d-nivå med relevans til batteriteknologi
    • Opphaldet og bacheloroppgåva vil kunne bidra til at du får arbeidsmogelegheiter ved kinesiske bedrifter i Noreg eller norske bedrifter i Kina
    • Oppleve kinesisk kultur og mat!


Rettleiarar

Ekstern rettleiar: Prof. Xiangping Zhang ved Chinese Academy of Sciences, Beijing, Kina

Intern rettleiar: Førsteamanuensis Yansong Zhao ved HVL, Bergen