Andreas si interesse for kosthald og fysisk aktivitet gav han jobb som folkehelserådgjevar

Som folkehelserådgivar i Vestland fylkeskommune er Andreas Ask mellom anna med på å styrke arbeidet med tiltak som fremjar barn og unge si psykiske helse.

– Då eg skulle velje utdanning visste eg at eg hadde lyst til å jobbe med folk og helse. I tillegg var det viktig for meg å finne eit studium som hadde mykje praktisk undervisning. Dette hadde dei på bacheloren i folkehelsearbeid som eg tok i Bergen, seier han.

Etter bachelorutdanninga ved HVL, bygde han på med ei masterutdanning frå Universitetet i Bergen. Andreas har no jobba som folkehelserådgivar i Vestland fylkeskommune i tre år. Han fortel om ein variert arbeidskvardag med både planlegging, forvaltning og prosjektarbeid.

Psykisk helse, trivsel og rusførebygging

For tida er Andreas mellom anna prosjektmedarbeidar i satsinga «Program for folkehelsearbeid i Vestland».

– Programmet inneheld tiltak som skal fremje barn og unge si psykiske helse og trivsel og rusforebyggjande arbeid. Til dømes arbeider Bergen kommune med å utvikle tiltak for å skape eit helsefremjande miljø på sosiale medium, seier han.

– Kva er det beste med jobben din?

– Det er å få vere tett på så mange dyktige fagpersonar, og den breidda av innsats som det blir gjort for å betre folkehelsa - både i kommunane, i fylkeskommunen og på nasjonalt nivå.

Samfunnsplanlegging og samfunnsutvikling

– Korleis brukar du utdanninga di frå HVL i jobben?

– Utdanninga har bidratt med å gi meg kunnskap i korleis vi kan arbeide forebyggjande og helsefremjande, og har gitt meg eit tankesett som seier «folkehelse i alt vi gjer», uansett kva slags samfunnsplanlegging eller samfunnsutvikling ein arbeider med, seier Andreas.

– Vil du anbefale studiet til andre?

– Ja, ein bachelor i folkehelsearbeid gir eit godt grunnlag for ei svært variert karriere knytt til både samfunnsutvikling og førebyggjande og helsefremjande arbeid. Eg vil anbefale studiet til dei med interesse for kosthald og fysisk aktivitet. Du lærer også mykje om korleis helsa vår blir påverka på eit samfunnsfagleg nivå.

Vil du vite meir? Høgskulen på Vestlandet tilbyr bachelor i folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet i Bergen.