Garanti om relevant deltidsjobb gjorde valet om å studere barnehagelærar i Sogndal lett.
- Ann-Oline Stuhaug Larsen
- Kommer frå Naustdal
- Studerer Barnehagelærer i Sogndal
- Campus Sogndal
For Ann-Oline passar ordninga med betalt deltidsjobb perfekt. Ho får kombinere det å vere i praksis med å vere student.
Økonomisk er det òg bra. Lønna ho får frå deltidsjobben i barnehagen gjer at ho har greidd seg med berre stipend, og ho har ikkje tatt opp studielån.
– Til no har det gått veldig bra!
Ann-Oline er svært fornøgd med korleis jobb og undervisning er organisert på studiet: Ho har deltidsjobb i Kjørnes barnehage, og har valt å jobbe både mandag og fredag. Tysdag, onsdag og torsdag er ho og medstudentane på campus i Sogndal for å få undervisning.
Det tok tid å bestemme seg, men no er ho sikker
– Før eg begynte på barnehagelærarutdanninga jobba eg i barnehage. Eg trur eg allereie då visste at dette er eit arbeid eg trivst med, fortel ho.
– Eg sjekka ut studietilbodet i Sogndal og kom over barnehagelærarutdanninga.
Då ho fann ut at ho på campus Sogndal vart sikra relevant, betalt jobb i barnehage, var det lett å bestemme seg for å begynne på studiet.
Ho og kjærasten, som studerer juss og økonomi, flytta frå Naustdal og trivst veldig godt i studentbygda Sogndal.
– Eg likar meg godt her! Vi er ein god gjeng som studerer saman. Vi har blitt godt kjende både gjennom studiet og fordi vi finn på ulike ting i lag.
Fleire i klassen bur ikkje i Sogndal fast, men har fått deltidsjobb i barnehage der dei bur. Dei kjem til Sogndal for å ha undervisning tysdag, onsdag og torsdag. Det at dei bur ein annan stad har ikkje stått i vegen for samhaldet og det sosiale i klassen.
– Vi er ein god, samansveisa gjeng, fortel Ann-Oline.

Ann-Oline føler seg meir og meir klar og trygg på jobben ho skal ha etter fullført utdanning.

– Det er varierte dagar der eg får vere mykje ute, noko eg likar!

– Det er eit så bra miljø her for både barn og vaksne.
Mykje praksis gjer ein trygg
Ho er glad for at dei som underviser har så mykje kunnskap og erfaring, og opplever at det er eit godt og trygt miljø der ein kan samarbeide og diskutere. Det er mykje rom for å utvikle seg og å få rettleiing, også i samtalar med rettleiar i barnehagen.
– Eg kan stille spørsmål om dei tinga eg lurer på, og vi følgjer opp det eg tok opp i sist møte.
Det at det er mykje praksis, er ho glad for. Tett oppfølging og støtte frå undervisarar, kollegaer og medstudentar er utviklande, fortel Ann-Oline. Ho har også blitt godt kjent med kollegaer i barnehagen.
Stort behov for barnehagelærarar
Når ho er ferdig, kan Ann-Oline mellom anna få jobb som pedagogisk leiar i barnehage og bruke kunnskapen sin til å gi barn ein trygg og god barnehagekvardag.

– Eg merkar kor mykje meir eg forstår no, samanlikna med då eg jobba i barnehage tidlegare.

No har eg fått ei større forståing for barna, og kva som ligg bak korleis ein jobbar med barn i barnehage.
Ho veit at samfunnet treng fleire som ho, og at kompetansen ho no får er viktig og etterspurt. Ho håpar mange fleire vil søke seg til utdanninga – særleg menn.
– Vi har berre ein mann i barnehagen her no! Det er altfor få.
Dårlege dagar skjer innimellom, innrømmer ho.
– Det er dagar der ingen av ungane vil kle seg og der ingenting er lett, men sjølv då er det mange fine augneblikk. Sjølv om eg kjem heim og er sliten, så er det mykje fint å tenke på.
Tekst: Tora Myklebust Optun
Foto: Anders Løbø Navarsete



