Fredrik vil oppfylle bustaddraumar på heimebane
Namn: Fredrik Døsen
Studerer: Eiendomsmegling, økonomi og jus
Campus: Sogndal
Kjem frå: Florø
Fredrik går siste året på Eigedomsmekling, økonomi og jus i Sogndal og er også trainee hos Eiendomsmegler Norge i heimbyen Florø.
Han stortrivst som student i Sogndal.
– Studiet har ei tydeleg kopling til yrket vi skal inn i, og det kjennest meiningsfullt å studere noko som har ei klar retning og konkrete karrieremoglegheiter.
Variert studium
Fredrik likar at ein som eigedomsmeklar får jobbe tett med menneske, og bidra til gode prosessar når nokon skal ta ei viktig økonomisk avgjerd om å kjøpe bustad.
I tillegg står fleire økonomiske fag på timeplanen, som finans og marknadsføring.
Fredrik synest at noko av det beste med studiet er kor variert det er.
Kjende fjes og unik natur
Fredrik synest det freista med ein mindre studiestad, der ein lett kan bli kjent med folk.
– Eg valde Sogndal fordi studiet her har eit godt fagleg rykte innan eigedomsmekling. Det var viktig for meg å gå ein stad der det er fokus på kvalitet og tett oppfølging.
Han hadde høyrt mykje positivt om studentmiljøet, og meiner det verkeleg har levd opp til forventningane. Han trekk fram eit godt miljø og fellesskap i Sogndal, der det er kort veg mellom alt og ein treff kjende fjes både på campus eller på trening.

Får oppleve tempoet i bransjen
Fredrik har dei siste månadane vore trainee hos Eiendomsmegler Norge i heimbyen Florø. Det beskriv han som utruleg lærerikt og viktig.
– Eg får vere med på kundemøte, følgje opp interessentar og sjå korleis meglar handterer både ansvar og forventingar. Det er spennande å få oppleve tempoet i bransjen, og kor viktig det er å vere strukturert, nøyaktig og profesjonell i alle ledd.
– Direkte relevant for arbeidslivet
Kor vegen etter utdanninga på Høgskulen på Vestlandet går, har Fredrik allereie ei klar formeining om. Han vil arbeide som eigedomsmeklar, og aller helst i heimbyen Florø. Han ser fram til å nytte kompetansen han har fått i ein eigedomsmarknad han har god kjennskap til, samstundes som han har nærleik til familie og nettverk heime.

Fredrik meiner utdanninga i eigedomsmekling, økonomi og jus i Sogndal gir gode jobbmoglegheiter og han opplever at utdanninga er direkte relevant for arbeidslivet.

– Eg vil anbefale studiet til andre. Eg har utvikla meg mykje, fått verdifull erfaring gjennom studia og treft vener eg kjem til å ha livet ut. For meg har dette vore ein veldig god kombinasjon av utdanning, miljø og personleg utvikling.
Foto: Privat og Tora Myklebust Optun



