Lever draumelivet på landet
Namn: Magnus Heggestad Skjerven
Studerer: Grunnskulelærar 1.–7. trinn nett- og samlingsbasert
Campus: Sogndal
Vestlandsidyll
– Vi ville bu tett på naturen, på ein stad der vi, ungane og hunden kan vere mykje ute, langt unna bilar og bråk, fortel Magnus.
Balanse mellom studium og liv

– Eg har god tid til å ete frukost saman med familien før eg set meg ned for å ha nettundervisning. Og om dottera mi skulle finne på å krype forbi i bakgrunnen, er ikkje det noko farleg heller, ler han.

Draumen til Magnus er å vere lærar og ha eit småbruk.
Ikkje lett å vite kva ein vil bli
For Magnus, som for mange andre, var det vanskeleg å vite heilt kva han ville då han skulle byrje å studere. Han var innom fleire studium og jobbar, men fann ikkje noko han verkeleg treivst med eller følte at han meistra. No har han funne det rette.
– Fleire rundt meg, blant anna ein av dei beste venene mine, meinte at eg ville passe godt som lærar. Det var først i praksis – som er den kjekkaste delen av studiet – at eg verkeleg forstod at dette er noko eg både er god på og likar.
Tid og rom til eit godt liv
Når dei ser tilbake, er sambuarparet glade for at dei undervegs har stoppa opp og stilt spørsmål ved korleis dei kan få det livet dei ønskjer seg. Det var òg difor valet fall på nett- og samlingsbasert grunnskulelærarutdanning. Utdanninga gir Magnus meir tid heime.
Foto: Anders Løbø Navarsete

