Amalie (22) vil jobbe for eit trygt og godt klassemiljø

Ho veit at læraryrket kan by på mange andre oppgåver enn det å lære vekk fag, men det er nettopp difor ho vil bli lærar.

Navn: Amalie Syre Sveinsvold
Alder: 22
Kommer fra: Karmøy
Utdanning: Grunnskolelærer 5.-10.trinn
Campus: Stord

– Eg veit at du som lærar må gjere tusen andre ting enn å berre undervise, men sånn er det i mange jobbar. Lærar er eit viktig yrke, der du må jobbe for å skape eit godt miljø i klassen. Du må gjere det litle ekstra for å skape trygge rammer, seier Amalie Syre Sveinsvold (22).

Får noko tilbake

22-åringen frå Karmøy går tredje året på grunnskulelærarutdanning 5.-10.trinn på Stord. Ho gjekk rett frå vidaregåande og inn i den femårige utdanninga.

– Det beste med lærarutdanninga er at du får så utruleg mykje tilbake, både frå elevar og tilsette. Vi er ikkje så mange her på Stord, så du får eit veldig nært forhold til alle, seier ho og held fram:

– Om du er tilsett, student eller jobbar i kantina – alle kjenner alle. Det synest eg er veldig fint. Ein finn alltid nokon å seie “hei” til i gangane. Er det nokon som ikkje har bil-lappen, så køyrer me ilag. Her blir du kjent med heile skulen.

Amalie har alltid likt ungar, spesielt ungdomar. Det var difor ho valde lærarutdanninga. Sjølv hadde ho ei kjekk ungdomstid, men det er det ikkje alle som har – der ønsker ho å utgjer ein forskjell.

– Eg vil vise at eg kan bli ein betre lærar enn dei eg hadde sjølv. Eg synest ungdomar er spennande, og det er gøy å lære vekk og kjekt å hjelpe andre.

Erfaring frå arbeidslivet

Ho fortel at ho har lært mykje på lærarutdanninga som ho har med seg kvar einaste dag.

– Etter alt eg har lært på studiet om pedagogikk, så tenker eg annleis når eg møter folk. Du lærer verdien av å tenke litt før du snakkar, fordi alle tar beskjeder på ulik måte, fortel ho.

Tredjeårsstudenten har også fått prøve seg ute i praksis på skular og har derfor fått eit reelt innblikk i korleis arbeidskvardagen som lærar kan vere. I tillegg har ho vikarjobb på ein ungdomsskule på Stord.

– Når du er i praksis, eller er vikar, gir elevane mykje av seg sjølv. Du er ny og spennande og dei opnar seg opp på ein heilt anna måte. Eit veldig givande studium og yrke, seier Amalie.

På spørsmål om kva som er mest krevjande, svarer ho lengda på studiet. Grunnskulelærarutdanninga er ei femårig utdanning, der du får master og blir lektor.

– Det er mange arbeidskrav framover, men på éin måte er eg litt glad for at eg framleis har to år igjen før eg skal ut i jobb, seier ho.

Engasjert i studentlivet

Amalie valte å studera på Stord, fordi det berre er éin times køyretur vekke frå heimen på Karmøy.

– Eg er veldig glad i heimen, så eg kunne ikkje reisa for langt. Men eg er ikkje så glad i heimen at eg pendlar, seier ho og ler.

Saman med ei venninne leiger ho ei privat leilegheit som berre ligg ein liten spasertur frå campus Stord. I helgene kan ho køyre heim til familien på Karmøy.

– Eg er ikkje så mykje heime lenger, fordi eg er veldig travel med mange verv, seier ho.

Lærarstudenten har engasjert seg i Studentersamfundet, som jobbar for å skape liv blant studentane ved å arrangera festar og andre arrangement. I tillegg er ho engasjert i studentidrettslaget Råmund, som tilbyr mellom anna volleyballtrening, fotball og padel.

– Det er veldig kjekt og givande å vere engasjert! Du lærer mykje og blitt kjent med mange. Du får også eit godt forhold til dei tilsette gjennom slike verv. Eg elskar verva mine, sjølv om eg blir litt sliten. Det er veldig sosialt og du kjem automatisk inn i eit miljø, fortel Amalie, og legg til at ho skulle ønskt at enno fleire engasjerte seg i studentlivet. 

Vil heim igjen

Kva framtida vil bringe, er ho ikkje heilt sikker på. Men éin ting er sikkert, ho vil heim igjen til Karmøy og jobbe.

– Eg drøymer om å jobbe med ungdomar, men det må ikkje vere som lærar. Med masteren i ryggen har eg mange mogelegheiter. Pedagogikken tek eg i alle fall med meg, seier ho.