Hauk er over middels glad i å konkurrere, og elskar naturen.

Du har kanskje sett han trekke bildekk og bade i isvatn på TV denne hausten..

(Foto: Erlend Låkne Solbu, NRK)  

..men når han ikkje kjempar om å bli "Norges tøffeste", studerer Hauk Master of Science in Business i Sogndal. Der omfamnar han vestlandsnaturen i fjell og elvar.   

Klatring, elvepadling og master – derfor er Sogndal perfekt for Hauk

Namn: Hauk Steinsson Lem
Studerer: Master of Science in Business ved campus Sogndal
Kjem frå: Sollihøgda utanfor Oslo 

– Det beste med å bu i Sogndal er kor lett det er å drive med alle aktivitetane eg likar. I tillegg finn du ekstremt mange som deler same interesser og eit veldig inkluderande og ivrig miljø, seier Hauk.

Han har drive aktivt med klatring i mange år, og valde studentbygda mellom fjord og fjell for å vere nær aktivitetane han brenn for.

Han hadde også høyrt mykje bra om studentmiljøet. 

Med det største klatrefeltet i landet fem minuttar unna, fantastiske skimoglegheiter og elvepadling i verdsklasse, meiner Hauk det er vanskeleg å finne ein stad som passar betre for den som likar å vere ute og aktiv, enn Sogndal.  

– Me lærer å tenke nytt 

Hauk har ein bachelor i natur- opplevingsbasert reiseliv frå HVL. Han ønskte å bygge vidare på denne, og lære meir om økonomi, leiing og innovasjon. 

– Mastergraden i business gir meg brei kompetanse som eg kan bruke i mange ulike bransjar, både innan friluftsliv, turisme og næringsutvikling.  
 
Gjennom utdanninga Master of Science in Business lærer Hauk mykje om korleis bedrifter fungerer, og korleis ein kan skape verdi gjennom gode avgjersler, innovasjon og berekraft, fortel han. 

– Det er ei god blanding av teori og praksis, og me får jobbe med ekte problemstillingar som gjer det lettare å forstå korleis ting heng saman i næringslivet. I Sogndal er det også mykje fokus på marknadsføring og innovasjon, noko eg synest passar veldig bra. Me lærer å tenke nytt og sjå korleis bedrifter kan utvikle seg på ein meir berekraftig måte.  

Han vil absolutt anbefale studiet til andre. 

Innovasjon + natur = drøymejobb? 

Hauk meiner masterutdanninga gir mange moglegheiter.

– Det beste er at du kan forme retninga sjølv. Anten du vil jobbe med økonomi, leiing, innovasjon eller entreprenørskap. Samstundes er miljøet på HVL veldig godt, og det er lett å få både fagleg og sosialt utbytte her. 

– Kva drøymer du om å jobbe med når du er ferdig med studiet? 

– Eg kunne tenkt meg å jobbe med å utvikle berekraftige opplevingar og tenester innan friluftsliv eller reiseliv.

– Det hadde vore moro å kombinere det eg lærer om innovasjon og marknadsføring med interessa mi for natur og aktivitet.  

(Foto: Erlend Låkne Solbu, NRK)  

Hauk studerte også natur- og opplevingsbasert reiseliv i Sogndal. Der lærte han mellom anna om friluftsliv, naturguiding, berekraft og reiseliv, og fekk mykje praktisk erfaring gjennom turar, kurs og praksisopphald.

– Litt som å gå rundt med konstant eksamensangst 

Denne hausten har Hauk deltatt i programmet «Noregs tøffeste» på NRK, og mange har nok benka seg med fredagstacoen for å sjå kva deltakarane har måtta kjempe seg gjennom. Hauk enda på ein imponerande andreplass i programmet. 

– Korleis var det å være med på «Noregs tøffeste»? 

-Det var ei heilt sinnssjuk oppleving frå start til slutt!

(Foto: Morten Waagø, NRK)

–Eg trefte utruleg mange fine menneske, og det var skikkeleg moro å få vere ein del ein så stor produksjon. Eg er nok over middels glad i å konkurrere, og det å få prøve så mange ulike konkurransar som ein aldri ville gjort elles, var heilt rått.  

På spørsmål om kva han synes var den aller tøffaste konkurransen gjennom programmet, svarar han at det ikkje var ein konkret konkurranse, men det å heile tida leve i uvisse om kva som skulle skje. 

– Me visste aldri kva klokka var, når neste konkurranse kom, eller kva vi skulle gjennom. Det kjendest litt som å gå rundt med konstant eksamensangst, og ein var jo heile tida redd for å ryke ut.

Når det kjem til konkurransane, blei ei øving der deltakarane skulle gå på togskinner den verste for Hauk, fortel han.

– Eg gjekk på ein skikkeleg næringssmell og har aldri vore så langt nede før. 

– Kva tar du med deg vidare frå deltakinga? 

– Først og fremst tar eg med meg mange gode vennskap. Det høyrest kanskje klisjé ut å seie, men ein får eit litt spesielt band når ein deler ei slik oppleving saman. 

Tekst: Ingvild R. Myklebust
Foto: Privat og NRK