– Elektroingeniør er eit breitt fagfelt der ein kan jobbe innanfor mange område. Det er motiverande at yrket gir god løn og sikker jobb i framtida, seier student Ingrid Soldal Vikane.

Ingrid meiner at noko av det beste med studiet er dagane på elektrolaben. Der får ho nye knaggar å henge teorien frå klasserommet på.

– Om du er interessert i teknologi og problemløysing, er dette studiet for deg

Namn: Ingrid Soldal Vikane
Studerer: Elektroingeniør, bachelor
Campus: Haugesund

Interessa for realfag og teknologi har lenge blomstra hos Ingrid. Etter å ha studert molekylærbiologi og bioteknologi byrja ho på elektroingeniørutdanninga ved campus Haugesund for vel halvanna år sidan.

Ingrid har fleire vener som har tatt ulike ingeniørutdanningar, og syntest det verka spennande. Ho landa på elektroingeniørutdanninga i Haugesund, der ho tar spesialisering i automatisering med robotikk.

– Automatisering er veldig kjekt, spennande og gir mange moglegheiter, seier Ingrid. 

Bles liv i teoriar

Elektroteknologi gjer at mobilen er på nett, det er straum i huset og at kofferten din automatisk blir transportert til flyet etter at du har sjekka han inn. Elektroingeniøren har kunnskap om hardware og software og korleis dette fungerer saman. I elektroingeniørutdanninga har ein både førelesingar, rekneøvingar, laboratoriearbeid, gruppearbeid og sjølvstudium.

Ingrid fortel om ein studiekvardag der ein lærer om alt i frå statistikk til instrumentering.

Ho fortel at dei mellom anna lagde eit piano med knappar og ein liten høgtalar der dei til dømes kunne endre på frekvensar på lyden.

– Det første året i utdanninga er det generelle elektroingeniørfag. Andre året byrjar ein på spesialisering. Her har me mellom anna lært om instrumentering, sensorar, korleis noko fungerer saman i ein prosess. Det synest eg har vore veldig interessant.

Mindre campus, tett oppfølging

Ingrid hadde ikkje så stor kjennskap til Haugesund før ho flytta til byen for å studere. Ho hadde tidlegare studert på store campus i både Bergen og i København, og syntest det verka kjekt med ein litt mindre campus og mindre klassar.

– Her får ein mykje fagleg oppfølging og terskelen for å spør om noko er lågare.

Ingrid fortel at ho synest det er veldig fint med mange med ulike faglege bakgrunnar i klassen, slik at ein kan dele erfaringar med kvarandre på tvers.  

I tillegg til å studiane jobbar Ingrid som studentvakt på HVL-biblioteket. Der har jo jobba sidan i haust, og trivst godt.

– Jobben er både praktisk og sosial, med mange fine kollegaer. Eg trur mange studentar synest det kan vere fint å komme å prate med andre studentar på biblioteket.

Opnar mange dørar

Kva Ingrid har lyst til å jobbe med når ho er ferdig med utdanninga, har ho ikkje heilt landa på. Med mange moglegheiter i fagfeltet, er planen å prøve litt av kvart før ho lar kompassnåla falle til ro i ei retning.

–  Eg har ikkje så mykje erfaring frå feltet frå før, så eg må prøve litt og finne ut kva eg likar best. Eg har kanskje sett for meg industrien, og førebels synest eg instrumentering og prosessregulering verkar veldig spennande.

Ingrid fortel at ho har vore på fleire seminar der ein kan treffe næringslivet for å høyre om jobbmoglegheiter i ulike bransjar. Dette har ho opplevd som nyttig.

–  Eg vil anbefale elektroingeniørutdanninga. Om du er glad i realfag, interesserer deg for teknologi og likar å finne løysingar på problem er dette studiet for deg. Her har ein veldig mange jobbmoglegheiter.

Studerer du til å bli elektroingeniør kan du velje mellom fire spesialiseringar: Elkraftteknikk (Bergen og Førde deltid), automatisering (Bergen, Førde og Haugesund), elektronikk (Bergen), og cyberfysisk nettverksteknologi (Bergen). 

Tekst: Ingvild Rørtveit Myklebust
Foto: Thomas Sjøen og Ingvild Myklebust

Finn ut meir om utdanningane

Ein elektroingeniør utviklar ny og berekraftig teknologi som formar framtida. Ta elekroingeniørutdanning ved HVL.