Kjartan Flekke Øen gjer eit heilt spesielt eksperiment

Byggingeniørstudenten undersøker om gruveavfall kan brukast om igjen i betong, i staden for å bli dumpa. Det interesserer industrien.

Gruveavfall og kva ein skal gjere med det har engasjert både politikarar, aktivistar, industri og media. No kan det hende at byggingeniørstudenten ved Høgskulen på Vestlandet har funne ei løysing.

Til bacheloroppgåva si gjer han no forsøk med å gjenvinne gruveavfallet til ein ingrediens i betong, slik at betongen kan bli sterkare.

– Her i Førde har det vore mykje snakk om fjorddeponiet som kjem med gruvedrifta i Sunnfjord. Eg tenkte at ei slik problemstilling kunne vore spennande å utforske. Det starta med at eg gjorde eit forprosjekt om bruksmoglegheitene for restmassane. Eg ville ha tak i restmassane frå ei prøveboring som Nordic Mining skulle deponere, fortel Øen.

Avfallet har han i dag på laboratoriet på HVL sin campus i Førde. Kva kunne han så bruke avfallet til? Asfalt, betong, tegl? Han måtte velje ut noko, og valet fell på betong.

– Nordic Mining og Førde Sementvare var interesserte i prosjektet frå starten av, og har vore veldig hjelpsame. Ingen ønsker jo at avfallet blir dumpa i fjorden. Målet er å redusere mengda, og bidra til å lage nye produkt av avfallet. Forhåpentlegvis blir det ikkje noko dumping til slutt, seier studenten.

Kan gjere betongen sterkare

Betong er overalt – tunellar, bruer, bygningar, røyr, oljeplattformer – og er essensielt for moderne infrastruktur. Normalt blir betong laga av sement, vatn, sand, stein og nokre tilsetningsstoff.

Det Øen og labpartnar George Sudi Ishimwe gjer, er å byte ut sanden med gruveavfallet, som består av bergarten eklogitt. Dette er ein veldig tung bergart, som det finst mykje av rundt Førdefjorden.

– Vi vil at betongen i bygga våre skal vere sterkt. Tettleiken av betongtilslaget er ein viktig parameter i styrken til betongen. Denne bergarten har markant større tettleik enn sand. Vi ønsker å sjå om bergarten kan gi meir styrke til betongen enn den ville hatt med sand. I så fall kan betongen tole meir enn vanleg og halde seg betre over tid, forklarer Øen.

Interesse hos industrien

Eklogitt består av minerala granat og pyroksen og er tidlegare kåra til fylkessteinen for Sogn og Fjordane.

– Dersom avfallet berre er stein, kvifor er det dumt å dumpe det i fjorden?

– Ein må bygge opp fjordbotnen med 150-170 meter, der gruveavfallet vil legge seg i botnen. Det mange fryktar er at det forstyrrer dyrelivet i fjorden. Vi forsøker å sjå på andre moglegheiter i denne oppgåva. Dei tilsette på Høgskulen syntest også det var ein fantastisk idé, så vi har fått mykje støtte.

Fram mot sommaren står det att meir testing i laboratoriet. Mengda avfall i blandinga må vere optimal for å få betongen sterkast mogleg. Etter kvart kan det hende at industri som sel betong er interesserte i å teste teorien sjølv.

For Kjartan Flekke Øen, som også er tilsett i Gravdal bygg, er prosjektet relevant for framtidig karriere.

– Eg er fagutdanna tømrar, og får breiare kompetanse av å ta ingeniørutdanning. Å arbeide med betong på ein ny og berekraftig måte er absolutt relevant for karrieren. Det er dessutan spennande å jobbe med noko som engasjerer så mange, avsluttar Øen.

Les meir om byggingeniørstudiet ved HVL.