
– Sogndal er ein nydeleg studiestad!
Terese Berger Henriksen flytta til Sogndal for å ta årsstudium i personleg trenar, men trivast så godt at ho valde å bli verande for å ta bachelor og PPU.
– Eg hadde berre høyrt fine ting om Sogndal før eg flytta hit, og særleg om kor godt studentmiljøet er i Sogndal, fortel Terese.
24-åringen hadde fleire venner som studerte i Sogndal og valte å ta ein pause frå heimbyen Bergen.
PPU gir fleire jobbmoglegheiter
– I utgangspunktet flytta eg hit for å ta årsstudium i personleg trenar, men studentmiljøet var så bra at eg søkte meg vidare på bachelor i idrett, fysisk aktivitet og helse, seier ho. (Utdanninga heiter i dag bachelor i idrett, trening og helse).
Då ho blei ferdig med bacheloren, søkte to seg vidare til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
– PPU opnar opp for fleire jobbmoglegheiter, og så er eg rett og slett ikkje er heilt ferdig med Sogndal!
– Kva er det beste med å bu i Sogndal?
– Det beste er at alt er så sentralt. Eg kan gå direkte frå høgskulen til jobb, og det krev så lite å finne på ting. Sjølv om Sogndal er en liten plass, så er det likevel mye å finne på.
– Eit godt studentmiljø er gull verdt i denne perioden!
– Kan du fortelje litt om undervisninga som du har no?
– Vi har no berre Zoom-undervisning, men vi har likevel vore så heldige å få fullføre praksis som normalt. Sjølv om korona set ein stopper for mykje, så er vi likevel en god gjeng i klassa som er på høgskulen og studerer. Å ha eit godt studentmiljø i denne perioden er gull verdt!
– Vil du anbefale HVL til andre?
– Ja, eg anbefalar Høgskulen på Vestlandet på det sterkaste. Høgskulen her i Sogndal bidreg til eit godt studentmiljø, og i tillegg er det ein nydeleg plass å studere på.
– Kva ønskjer du å jobbe med etter endt studium?
– Når eg er ferdig på PPU skal eg studere vidare på master. Etter dette ønsker eg å jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet.