– Eg har ikkje angra ein dag på at eg hoppa på denne moglegheita

Erlend Ringås Pettersen studerer arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning ved HVL. – Det er ein vinn-vinn-situasjon for meg å kombinere jobb og studiar på denne måten.

Pettersen jobbar til dagleg ved Rishagen FUS barnehage og fekk tips om utdanninga frå dagleg leiar i barnehagen.

– Etter å ha lest meg opp på kva det innebar, var motivasjonen på topp. Eit studium som i så stor grad var lagt opp til kunne kombinerast med jobb, var midt i blinken for ein småbarnsfar, fortel 33-åringen.

Å lukkast både på jobb og som student

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning ved HVL er lagt opp til at ein skal kunne lukkast både i jobb og som student.

– Utbyttet av studiet gjør at eg veks i rolla på jobb, samtidig som den kunnskapen vi studentar til sammen allereie har, gjer at kvaliteten på læringsmiljøet blir større.

– Kan du fortelje korleis undervisninga er lagt opp?

– Ein dag i veka har vi nettbasert undervisning. På desse nettøktene varierer det mellom reine førelesingar og gruppeoppgåver, samtidig som det er sett av mykje tid til faglege diskusjonar og refleksjonar. Elles er det lagt opp til seks fysiske samlingar i løpet av året.

Eit givande læringsmiljø

Pettersen meiner at det å vere student samtidig som ein jobbar ved sidan krever ein viss struktur, men det er absolutt gjennomførbart.

– Eg har ikkje angra ein dag på at eg hoppa på denne moglegheita. Det er særs givande å vere ein del av eit slikt læringsmiljø. Eit miljø der vi kan glede oss over og blir inspirert av kvarandre sine solskinnshistorier, samtidig som vi saman kan reflektere og hjelpe kvarandre på regnværsdagar.

Eit annleis studieår

Sjølv om det siste året har vore veldig annleis enn det alle studentar såg for seg, opplever barnehagelæraren at koordinatorar og førelesarar heile tida har hatt fokus på å legge best mogleg til rette for studentane.

– Det har ført til at kvaliteten har blitt opprettholdt, til tross for at vi alle har måttet tilpasse oss en ny hverdag.

Høyrest dette ut som noko for deg? For studieåret 2023-2024 tilbyr vi arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning med samlingar i Haugesund.