Vil finne grøne løysingar for framtida

Sondre Thorsen Siglevik (25) frå Bergen studerer fornybar energi i Sogndal.

– Eg valte bachelor i fornybar energi fordi eg vil bidra til det grøne skiftet og få ei betre forståing av klimaproblematikken vi står overfor.

At campus Sogndal har flott natur og gode fritidsmogelegheiter var eit stort pluss.  

-Det beste med Sogndal er naturen og det sosiale. På en så liten plass er det overraskande mykje som skjer.

Kan du fortelje litt om korleis studiet er lagt opp?

– Studiet har blokkfag, noko som gjev oss mogelegheit til å fokusere på eit emne om gongen. Slik slepp vi den store oppsamlinga av eksamen på slutten av semesteret. Det er eit breitt studie og vi har vore innom mange ulike emne, for eksempel økologi, landskapsinngrep, geologi og fleire fag tett mot fornybar sektor.  

Kva er det kjekkaste?

– Personleg likar eg best faga som er retta mot fornybar energi. Eg har også likt godt å vere på ekskursjonar og i lab. Dette gjev oss mogelegheita til å sjå korleis ting fungerer i praksis.

Kva er det mest krevjande?

–Eg er glad i realfag, men det er også desse som har vore mest krevjande og tatt mest tid.

Sondre er usikker på kva han vil jobbe med når han er ferdig på studiet.  

– Det hadde vore artig å jobbe i ei bedrift som utviklar, utbetrar eller etablerer løysingar i fornybar sektor. Eg ønskjer å bli ein del av ei nyskapande satsing der eg får vere med å forme eller forbetre grøne løysingar.

Sondre vil absolutt anbefale studiet til andre.

– Det er eit bredt studie som gir eit godt overblikk. Dette kan vere både positivt og negativt. Mangfaldet av fag gjer at ein ikkje blir spissa inn mot ein spesifikk jobb, noko som er ønskjeleg for mange. Men på den andre sida gir det eit større spekter av valmoglegheiter, både for jobb og vidare studiar.   

Høyres dette studiet ut som noko for deg? Les meir på studiesida.