– Å jobbe med barn er utruleg kjekt!

Sjur Furuhaug (24) studerer grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn på campus Bergen. Han fekk augene opp for studiet etter ei fotballturnering for barn i Zambia.

– Då eg var ferdig med vidaregåande hadde eg eigentleg heilt andre planar. Eg byrja å studere økonomi, men fann ut at dette ikkje var noko for meg. Eg var også innom journalistikkstudiet. Året etterpå var eg på folkehøgskole og vi reiste ein tur til Zambia. Der innsåg eg kor mykje glede eg fekk av å jobbe med barn.

Sjur hadde tidlegare ikkje vore så mykje saman med barn, men innsåg raskt at gleda dei viste var smittsam.

– Etter dette prøvde eg meg eit år som lærarvikar og synest det var utruleg gøy! 

Byen er Bergen

24-åringen frå Sandnes valde Bergen som studieby av fleire grunnar.

– Bergen er ein super studentby med mange sosiale tilbod. Det bur så mange ulike menneske her og ein møter mange fine folk. Samtidig hadde eg mange venner som studerte her, så valet på byen fall naturleg.

– Du studerer grunnskulelærarutdanninga for 1. til 7. trinn. Kan du fortelle litt om undervisninga?

– Vi har ei god blanding av praktisk og teoretisk undervisning. Forelesarane er flinke til å aktivisere oss som studentar og det kan komme godt med i ein til tider tung studiekvardag.

Alle dagar er forskjellige

– Som lærarstudent skal du til saman ha 110 dagar praksis ute i skulen. Korleis synes du det er å vere i praksis?
– Praksis er veldig spennande. Ein får smake litt på korleis det er å faktisk vere lærar, og får moglegheita til å bruke det vi lærer på skulen til det vi skal jobbe med. Det kjekke med praksis og det å jobbe som lærar er at alle dagar er forskjellige og ein veit aldri kva problem og løysingar ein kjem til å møte på i løpet av ein dag. Det er også veldig kjekt å møte alle elevane i praksis, og eg har fått inntrykk av at dei synes at det er skikkeleg gøy å ha studentar på besøk. 

Lære heile livet

Dei fleste som utdannar seg til grunnskulelærar, ser for seg ein jobb i skulen, men for Sjur er det også andre draumar.

– Heilt sidan eg var liten har eg hatt ein draum om å jobbe i barne-tv og vere programleiar for Julemorgon. Eg ser på dette som ein ganske uoppnåeleg draum, men forhåpentlegvis vil det pedagogiske grunnlaget studiet gir meg, vere til god hjelp når eg skal søke jobb. Dersom eg ikkje oppnår denne draumen, kunne eg veldig gjerne tenkt meg å arbeide som spesialpedagog på ein norsk skule i utlandet, til dømes i Spania eller Tanzania. 

– Vil du anbefale studiet til andre?

– Ja, eg vil så absolutt anbefale grunnskulelærarutdanning 1-7. Her møter ein mange spennande utfordringar og lærer så mykje som ein vil ha stor nytte av vidare i livet. Eg har ikkje angra på valet eit sekund!

Vil du gjere ein forskjell for barn gjennom å skape eit godt læringsmiljø? Les meir om grunnskulelærarutdanning 1-7 på denne sida.