– Det er meiningsfullt å ha ein jobb der eg kan påvirke positivt inn i unge mennesker sine liv

At ein kunne kombinere jobb og studiar, var ein viktig motivasjon for at Kristoffer Nilssen valte PPU ved Høgskulen på Vestlandet over to år.

I dag er han undervisningsinspektør ved Danielsen vidaregåande skole i Bergen, og har undervisningskompetanse i samfunnskunnskap, sosiologi, sosialkunnskap, politikk og menneskerettar og religionsfag.

– Eg tenkte at PPU-studiet over to år ville opplevast som meir «matnyttig» samanlikna med eit klassisk årsstudium – og det var det.

– Du tok praktisk-pedagogisk utdanning ved campus Stord. Kva opplevde du som det beste med studiet?

– Det beste var alle dei gode samtalene med medstudentane på campus og i bilen tur/retur Bergen– av både pedagogisk og ikkje-pedagogisk innhald. I tillegg synes eg mange av førelesarane var engasjerande og dyktige.

Motiverande besøk frå profesjonsrettleiar

I PPU-studiet er praksis ein viktig del av utdanninga. I tillegg til samlingar og eigenstudiar, skal ein  gjennomføre 60 dagar praksis ved ein skule.

– Då eg var i praksis, fekk eg praksisbesøk frå forelesar. Det var veldig motiverande og var ei viktig stadfesting for meg om at eg har noko i eit klasserom å gjere, fortel han.

Nilssen påpeikar at han er glad for å ha valt eit yrke som opplevast som så meiningsfullt.

– Det er veldig fint å få moglegheit til å påvirke positivt inn i unge mennesker sine liv. Dette har eg erfart sjølv gjennom lærarar i eige liv, og har lyst å gi dette vidare. Elles elskar eg å få undervise og vere involvert i elevar si faglege og sosiale utvikling!

Utprøving av nye undervisningsmetodar

– Du jobbar no som undervisningsinspektør og lærar. Kva er det viktigaste du har med deg frå PPU i jobben din no?

– Bevisstheita om refleksjon rundt eigen pedagogisk praksis er noko av det eg har hatt mest nytte av. Eg hadde vel aldri trudd at eg kom til å sei dette, men eg har faktisk også hatt nytte av arbeidet og prosessane tilknytta FoU-oppgåva på studiet. Meir eller mindre systematisk arbeid rundt utprøving av nye undervisningsmetodar og vurderingsformer er noko eg forsøker å praktisere i jobben min no, for å kunne vere i utvikling som lærar.

Høyrest PPU ut som noko for deg? Les meir på studiesida.