Aktiv student i Bergen

Studietida handlar ikkje berre om det faglege. I Bergen kan du òg engasjere deg i ein lang rekkje aktivitetar av og for studentar.

Studenthuset

Eit av husa på campus var tidlegare verkstad for damplokomotiv. No er verkstaden frå 1921 blitt til studenthuset Kronverket, der du mellom anna finn Kronbar – studentane sin eigen bar og konsertscene. Puben Kronbar drivast på frivilleg basis av studentane sjølv. Her kan du vere med på alt frå quiz og filmkveld til ulike temafestar. Lydanlegget har ein prislapp på ein million kroner, og det er ståplass til rundt 300 studentar.

Kronbar på Facebook.

Mange av studentorganisasjonane held òg til i studenthuset.

Studentorganisasjoner og studentaktiviteter

Bergen Teknikersamfund (BTS) er Norges nest eldste studentorganisasjon, stiftet i 1877. BTS har garantert eit tilbod som passar for deg. Om du driv med musikk eller vil vere med på revy, om du vil vere med å arrangere møte med næringslivet eller drive med foto og marknadsføring – BTS er staden å vere med.

Revy på høgskulen er ein tradisjon. Revyen er 100 % studentbasert, og gir deg ein unik sjanse til å samarbeide med medstudentar på tvers av klasser og årskull.

Følg BTS på Facebook.

Studentene arrangerer òg karrieredagar og faglege seminar. I tillegg har mange av utdanningane eigne linjeforeninger.

På campus finn du også ein idrettspark utstyrt med friidrettsanlegg. Den er open for alle, og inneheld både løpe- og fotballbane. Du kan vere med på alt frå cheerleading, friluftsgruppe, og slåball til dei meir tradisjonelle idrettane som fotball, handball og basket. Studentidrettslaget arrangerer turneringar og andre arrangement for medlemmane, og sørger for at det er moro og sosialt å vere med.

Studentavis

BTS har stolte tradisjonar knytta til 17. mai-avisen TVIST-dotten, som framleis blir gitt ut på nasjonaldagen kvart år.

Studentdemokrati

Studenttinget er HVL-studentane sitt øvste organ. Studentane er også representert i høgskulestyret og andre organ på høgskulen. Engasjer deg i studenttinget for å vere med å påverke rammene for din eigen studiekvardag.

Studentråda er studentorganet på dei ulike avdelingene, og er det naturlege kontaktleddet ut til klassene og enkeltstudentar.

Studentrådene har kontor i studenthuset på Kronstad.