Fem grunnar til å studere i Førde

Førde er ein inkluderande studiestad der det er lett å bli kjent med andre. Sjølv om det er ein liten campus har den alt du treng.

1. Gode jobbmoglegheiter under og etter studiene

Tar du teknologiutdanning i Førde er du garantert jobbintervju for en relevant deltidsjobb mens du studerar, gjennom Studentjobb-prosjektet. Går du på sjukepleie ligg campus vegg i vegg med sjukehuset og kommunehelsetenesta har eit stort behov for deltidsansatte. 

Både for sjukepleiarar og ingeniørar er det svært gode jobbmoglegheiter etter studiene.   

Student på Peak Sunnfjord 2.jpg

2. Inkluderande studentmiljø

Du blir godt kjent med klassekameratane dine og det er eit godt studentmiljø sidan campus er så lite. Foreleserane kan namnet ditt og dørene er alltid opne om du lurer på noko.

 

Små klassar gjer at ein får lettare kontakt og tettare oppfølging med lærarane. Forelesningane er kunnskapsrike og inspirerande, og dette har mykje å seie for både motivasjon og læringsutbyttet. Mindre forhold gjer at ein blir godt kjende i klassen, og får eit godt studiemiljø på tvers av dei ulike utdanningane.

Vanessa, student på elkraft

 

Førde har eit aktivt studentmiljø med engasjerte studentar på studentkroa Akutten, i ulike studentorganisasjonar og linjeforeningar. Det er alltid noko som skjer på campus og du treff alltid nokon du kjenner.   

Kantina, biblioteket og studentkroa er nyoppussa og her er det summande liv og ei god atmosfære.

Førdestudentar kantine 2.jpg

3. Aktiv fritid

Førde har eit stort friluftslivtilbod med kort avstand til både fjell, fjord og hav. Her er det gode mogelegheiter for topptur, skikøyring og stisykling, samt rafting og padling. To skisenter og langrennsløyper ligg innan 20 minutts rekkjevidde. Eit stort innandørs klatresenter ligg rett i nærleiken av campus og det er kort veg til idrettshall, svømmehall og treningssenter. Førde har eit stort volleyballmiljø med to av Norges beste eliteserielag i volleyball, både for damer og herrar.   

I Førde er det kort veg til trygge fjelltoppar sommar og vinter, splitter ny klatrehall, rimeleg utleige av kajakk ved Førdefjorden og artige festar på Akutten studentkro.

Astrid, sjukepleiarstudent

 

_C2A0656 web.jpg

 

4. Stort kulturtilbod

Førde har eit rikt kulturliv med eige teater og konsertar i Førdehuset, på Larris scene og i Sunfjordsalen. Kulturkortet for Førde-studentar gir 50 prosent rabatt på kino og konsertar.   

5. Engasjerte lærarar og gode fasilitetar

Førde er kjent for å ha tett oppfølging av studentane sine og god kvalitet på undervisninga. Forelesarane ved campus har fleire gonger vunne HVL sin utdanningskvalitetspris. Ingeniørstudentar og sjukepleiarstudentar samarbeider ofte med oppgåver på tvers. 

I Førde får studentane tilgang til topp moderne labbar med 3D-printing og virtuelle kameraer. Robotikklabben er HVL sin beste med samarbeidsrobotar som er tilgjengelege for bruk i oppgåver og prosjekt. Sjukepleiarsenteret er velutstyrt, og blir brukt til øving og undervisning.  

Studentar på Verftet 2.jpg