Bokskap Sogndal og Førde

Vil du ha ein lettare sekk? Bruk bokskap!

Reglar for bruk

  • Når du tar i bruk eit skap, skal du gi beskjed til Servicetorget i Høgskulebygget, eller sende e-post til servicetorget.sogndal@hvl.no. Du oppgir namn på bygg, etasje, nummer på skapet og studentnummeret ditt.(Denne regelen gjeld berre i Sogndal)
  • Hengelås ordnar du med sjølv (I Sogndal kan du kjøpe hos Fjordbok). Det er gratis å bruke bokskapa.
  • Ved slutten av kvart studieår skal hengelåsen fjernast og skapet tømmast. Denne regelen gjeld sjølv om du skal fortsette som student til hausten. Dersom dette ikkje blir gjort, blir hengelåsen klipt opp og innhaldet fjerna i slutten av juni.

Her finn du bokskap

  • Høgskulebygget Sogndal, 1. og 2. etasje (bak heisane)
  • Fossbygget, 2. og 3. etasje
  • Stadionbygget, 2. etg
  • Høgskulebygget i Førde