Campus Sogndal

Velkommen til vår campus i Sogndal! Her finn du praktisk info om campus og kart.

Lurer du på noko?

Servicetorget kan hjelpe deg med det meste!

Opent kvardagar kl. 08.00–15.30 (til 15.00 frå 15. mai til 15. september).

Opningstider

Hovudinngangen er open måndag til fredag mellom klokka 07.45 og 17.00.

Alle andre dører treng du adgangskort for å opne.

Tilsette har tilgang med adgangskort måndag til søndag mellom klokka 06.00 og 23.00.

Studentar har tilgang med adgangskort måndag til søndag mellom klokka 07.00 og 23.00.

Klikk for informasjon om avvikande opningstider.

Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her

Finn fram på campus

Undervisninga skjer både i Høgskulebygget og dei andre bygga våre, som alle ligg i ein radius på eitt minutt på campus. I alle bygga finn du grupperom, klasserom og auditorium. 

I appen Mazemap får du kart over campus og hjelp til å finne fram til rom. Du kan laste ned appen på App Store og Google Play.

Mazemap finn du også på denne nettsida. 

Studere

Høgskulebygget inneheld mykje av det du treng for å vere ein god studen. Vi har eit stort bibliotek- og læringssenter der du finn arbeidsplassar med og utan datamaskiner, lesesal, grupperom og ikkje minst eit stort utval av bøker og fagtidsskrift.

Leseplassar

I Høgskulebygget i 5. etasje er det 16 «clean desk»-studentarbeidsplassar i fellesområdet utanfor vis-a-vis grupperom og seminarrom. I 4. etasje er det «døgnopen sone» med 2 «Stille leserom» H4129.1 og H4127.1 med 8 studentarbeidsplasser i hvert rom. Det er «døgnopen sone» med 24 studentarbeidsplassar med PC. Det er «døgnopen sone» med 24 «clean desk» studentarbeidsplassar. I denne etasjen er det også studentarbeidsplasser i vrimleområdene på mesaninen, inne i sjølve biblioteket og en «døgnopen sone» i biblioteket.

I Stadionbygget 2. etasje er det en lesesal på rom STA02-11 med 19 studentarbeidsplasser. Det er også studentarbeidsplasser i vrimleområdet «Bakkeplassen» i 2. etasje.

I Fossbygget er det en lesesal på rom F200 Tankefossen med 11 studentarbeidsplasser, avsatt til mastergradsstudenter. Her er det også 4 studentarbeidsplasser med PC og 11 «clean desk» studentarbeidsplasser, som kan brukes av alle studenter. Det er også studentarbeidsplasser i vrimleområdene i 2. etasje (Global Lounge) og i 3. etasje.

I Bragebygget er det studentarbeidsplasser i vrimleområdet.

Vil du reservere grupperom?

Book grupperom

Bokskap

Du kan låne skap på campus. Bokskap finn du i

  • Høgskulebygget Sogndal, 1. og 2. etasje (bak heisane)
  • Fossbygget, 2. og 3. etasje
  • Stadionbygget, 2. etg

Ved slutten av kvart studieår skal hengelåsen fjernast og skapet tømmast. 

Når du tar i bruk eit skap, skal du gi beskjed til Servicetorget i Høgskulebygget, eller sende e-post til servicetorget.sogndal@hvl.no. Du oppgir namn på bygg, etasje, nummer på skapet og studentnummeret ditt.

Ta kontakt med Servicetorget om du har spørsmål. 

Mat og drikke

Her kan du sjekke opningstider for kantina, kaffibaren m.m.

Kvilerom

Vi har rom for studentar som treng å kvile seg eller amme. Du er velkommen til å bruke kvileromma ein avgrensa periode i løpet av dagen. Kvileromma kan ikkje reserverast, og det skal berre vere ein person på kvilerommet om gongen.

  • Høgskulebygget, 3. etasje (du kan låne nøkkel i Servicetorget)
  • Fossbygget, 3. etasje

Teleslynge

Bragebygget:

  • Plan 1 Auditorium rom 01 001, Yggdrasil
  • Plan 1 Klasserom 01.03B, Hild 2
  • Plan 1 Møterom 01.012, Tor
  • Plan U Musikk 00U 001.2, Skirne 2
  • Plan U Klasserom medium 00U 015, Frøya
  • Plan U Klasserom digital 00U 014, Skuld
  • Plan U Klasserom grafisk verkstad 00U 013, Gerd

Fossbygget:

  • Auditorium F207 (2. etg)
  • Auditorium og F300. (3. etg)

Høgskulebygget:

  • 1. etasje klasserom Ålfoten (H1091)
  • 2. etasje klasserom Stad (H2091)
  • 1. etasje auditorium Josten (H 1093)
  • 2. etasje auditorium Storen (H 2093)
  • 4. etasje klasserom Kjernehuset (H4108)

I tillegg er det teleslynge i skranken i Servicetorget (3. etasje), på biblioteket (4. etasje) og i kantina (5. etasje).

Parkering

Kjem du med bil? Det er avgiftsparkering på campus