Aktiv fritid i Sogndal

Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Sogndal! Du har også mange innandørs tilbod å velje mellom.

Puddereldorado

Sogndalsfjella ligg og ventar på deg, berre 15 kilometer unna sentrum. Her går pudderalarmen rett som det er. Køyrer du ein time, er du på Sognefjellet eller ved Jostedalsbreen.

To skisenter ligg innan 15 minutts rekkevidde, begge med supre moglegheiter for skikøyring i og utanfor løyper, i tillegg til langrennsløyper.

Til fjells eller havs

Lurkarlaget er studentorganisasjonen for deg som elskar friluftsliv. Dei arrangerer kortare turar og toppturar til fots og på ski, klatreturar, fisketurar med meir. Som medlem kan du låne alt frå klatreutstyr til telt og GPS.

Sjøspretten er ein studentorganisasjon for deg som trivst i det våte element. Dei arrangerer mellom anna surfeturar til Stad og kurs i dykking og havkajakk, og medlemmene kan låne utstyr.

Det er gode forhold for både utandørs og innandørs klatring, og Sogndal klatreklubb har klatrekveldar, kurs og turar.

Du finn også mange stisykkelruter i og rundt Sogndal. 

Aktiv under tak

Spenst Sogndal tilbyr eit stort spekter av gruppetimar, i tillegg til eit 600 kvadratmeter stort treningsstudio. I Sognahallen kan du drive med ballspel, friidrett og klatring.

Gjennom Studentspretten kan du bli med på volleyball, fotball, basket eller innebandy.

Klatreveggen i Sognahallen blir sett på som ein av landets beste.