
Aktiv student på Stord
Frå dykking, segling og trening til fest, musikk og moro – på Stord finst det meste og noko for dei fleste.
Som student kan du bli medlem av studentorganisasjonar som tilbyr eit breitt spekter av aktivitetar innanfor idrett og friluftsliv. I tillegg har du moglegheit til å påverke din eigen studiekvardag, til dømes gjennom studentpolitisk arbeid i Studenttinget.
Vil du bli fort kjent med andre, er det lurt å delta på mykje av det som skjer i faddergruppa og fadderveka!
Sjekk óg ut Facebook-gruppa for kva som skjer på HVL på Stord.