Ein augneopnar inn til korleis samfunnet fungerer

– For unge menneske med ein ekte journalist i magen er dette studiet ei glimrande investering, seier Jan Inge Fardal, redaktør i Sogn Avis.


Jan Inge Fardal, redaktør i Sogn Avis

Kva tenkjer du er relevansen av samfunnsfag- og historieutdanning for unge menneske som siktar mot ei karriere innanfor media?

– For unge menneske med ein ekte journalist i magen – ein som er nysgjerrig, interessert, engasjert og som verkeleg vil forstå korleis – og ikkje minst – kvifor demokratiet vårt fungerer så bra og slik kan stilla dei rette spørsmåla når det krevst  – er dette studiet ei glimrande investering. Eg trur det blir større trong for denne type mediafolk i åra som kjem –  folk som er opptekne av innhald, relevans og å stilla alle dei kritiske spørsmåla og faktisk vera i stand til å analysera svara dei får.

Du tok i si tid årsstudiet i samfunnsfag i Sogndal. Kva hugsar du frå studietida di?

– Det var i 1977/78, året før militæret, og det sette uutslettelege spor. Me heldt til i Lægreidskjellaren, hadde bordtennis i «friminutta» og fantastiske førelesarar i Johs. B. Thue, Olav Refsdal og Jon Naustdalslid for å nemna nokre. Studentar frå heile landet, unge og vaksne, nokre måtte bu i Solvorn – på Walaker hotell! Som yngstemann i gjengen var det mykje å læra.

Kva nytte har du sjølv hatt av utdanninga i ditt arbeid som journalist og seinare som redaktør?

– Først og fremst var dette ein augeopnar inn til korleis samfunnet vårt fungerer, ei politisk bevisstgjering så å seia. Og det er ingen tvil om at ballasten frå samfunnsfag gjorde uvurderleg nytte då eg vart kasta inn i politiske møte både på kommune- og fylkesnivå eit par år seinare. Eg trur til og med at denne ballasten var med på å styrka meg i trua på at det var rett å prioritera journalistikken. Då eg fekk mitt første vikariat som journalist hadde eg nemleg eigentleg takka ja til ein studieplass i København. Eg blei ved min lest og har ikkje angra på det, heller ikkje som redaktør. Noko av det viktigaste for ein redaktør er å prøva å forstå korleis samfunnet er skrudd saman og kvifor.