Studieplan - Matematikk 1- 5.-10. trinn, nettstudium

Kull hausten 2019

Tilbodet er ein del av satsinga Kompetanse for kvalitet. Studiet går over to semester, og er eit rent nettstudium.

Læringsutbytte

Studenten har kunnskap om:

  • geometri, målingar, algebra, funksjonslære, kombinatorikk, sannsynslære og statistikk. Kunnskap om det matematikkfaglege innhaldet i på småskulesteget og i vidaregåande skule er òg vektlagt
  • undervisningsmetodar og læringsteoriar i matematikk, som mellom anna omfattar språk og kommunikasjon. Studenten har òg kunnskap om aktuelle digitale verktøy for matematikk. Han kan lese og uttrykke seg munnleg og skriftleg i matematikk og har kunnskap om rekning som grunnleggande ferdigheit i andre skulefag

Studenten har ferdigheiter i

  • å planlegge og gjennomføre matematikkundervisning på varierte måtar for trinna 5-10, og vurdere dei opp mot kompetansemåla i faget
  • å inkludere elevane og fremje undring, matematisk argumentasjon og kreativitet.
  • å tilpasse opplæringa til dei ulike elevane og kan blant anna bruke ulike vurderingsverktøy for å tilpasse opplæringa til den enkelte elev

Studenten har generell kompetanse i

  • praktiske ferdigheiter i matematikk av munnleg og skriftleg karakter. Studenten kan òg kommunisere med elevar, lytte til og forstå deira tenkjemåtar og løysingsmetodar. Han kan òg førebygge og oppdage matematikkvanskar og gripe tak i desse.

Innhald

  • tallære, algebra, geometri, funksjonslære, statistikk, sannsynsrekning
  • rekning som grunnleggjande ferdigheit
  • digitale verktøy
  • didaktikk
  • arbeidsformer i matematikk

Arbeidsformer

Studiet kombinerer førelesingar, diskusjonar, oppgåvearbeid, studentpresentasjonar og gruppearbeid. Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, samt at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar. Det er obligatorisk oppmøte på nettundervisning.

Nettsamlingar

Samlingane vert måndagar klokka 14.00 - 16.00.

Det er obligatorisk oppmøte på samlingane, oppmøte vert registrert.

Det vert laga arbeidskrav med utgangspunkt i nettsamlinga.

Første samling er måndag 2. september 2019 klokka 14.00 - 16.00.

Vurderingsformer

Sjå emneplan