Studieplan - Vernepleie, bachelorstudium, deltid, Sogndal

Kull våren 2019

Ein profesjonell bistandsytar for folk med ulike funksjonsvansker er ein god beskrivelse av vernepleieren. Vernepleiaren skal, innanfor råma av den generelle velferdsutviklinga, bidra til å fremje gode levekår og høg livskvalitet for menneske med funksjonsvanskar. Gjennom utdanninga skal studentane tileigne seg kunnskapar, haldningar og ferdigheiter som fremjar samarbeid med funksjonshemma, pårørande, personell og andre samarbeidspartnarar. Vernepleiaren legg til rette for at brukaren skal meistre eigen kvardag og lære og nye oppgåver.

Studieplanen for vernepleieutdanninga er regulert av Rammeplan og forskrift for 3-årig vernepleieutdanning og lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven).

FELLES INNHALDSDEL FOR BARNEVERN, SOSIALT ARBEID OG VERNEPLEIE
Bachelorstudia i barnevern, sosialt arbeid og vernepleie på campus Sogndal har omlag 60 studiepoeng felles. Denne delen skal medverke til å danne sams haldningar og ferdigheiter, samt å gje forståing for felles referanseramme og for fleirfaleg samarbeid i yrkesutøvinga. Menneskerettane står sentralt i helse- og sosialfaga. Utdanningane har felles verdigrunnlag der prinsipp som respekt for mennesket sitt eigenverd og solidaritet med svakstilte grupper står sentralt. Helse- og sosialfagsutdanningane har som overordna mål å utdanne reflekterte yrkesutøvarar som set mennesket i sentrum, og som kan planleggje og organisere tiltak i samarbeid med brukarar og andre tenesteytarar. Tverrprofesjonell samarbeidslæring er gjennomgåande tema i alle tre utdanningane. Det vert etablert grupper frå dei tre profesjonsutdanningane som samarbeider om ulike oppgåver gjenom utdanninga.

SKIKKAVURDERING
Studentar ved barnevern-, sosionom- og vernepleiarstudia er omfatta av Forskrift om skikkethet.

PRAKSIS

Praksisopplæringa er ein sentral del av helse- og sosialarbeidarutdanningane. Praksisstudia skal medverke til at studentane auker forståinga for samanhengen mellom forsking, teori og praktisk arbeid. Omfanget og innhald i praksisstudia for dei tre utdanningane er gjort greie for i dei aktuelle emna. Praksisperioden i haustsemestertet på tredje studieåret er ein felles tverrfagleg prosjektpraksis i grupper. I forbindelse med praksis vert det arrangert for- og etterpraksisseminar samt rettleiarsamling, der alle rettleiarane vert invitert til Høgskulen. Studentane kan pårekne flytting og ekstra økonomiske kostnader i forbindelse med praksis. Ein får dekka ekstra bu- og reiseutgifter i henhold til Høgskulen sitt reglement. Dersom studenten bur heime hjå familie får han/ho ikkje dekka buutgifter.

POLITIATTEST

Det er krav om at studenten leverer politiattest ved oppstart av utdanninga. Praksisfeltet eller Høgskulen på Vestlandet kan fremje krav om ny politiattest i løpet av utdanninga.

Læringsutbytte

Etter gjennomført studium har kandidaten:

Kunnskap;

  • kunnskap om funksjonsnedsetjingar i alle livsfasar, med særleg vekt på kognitive funksjonsnedsetjingar
  • kunnskap om helse, folkehelse, habilitering og rehabilitering
  • kunnskap om velferdsstaten og om juridiske og organisatoriske råmer som er sentrale i det vernepleiefaglige yrkesfeltet
  • kunnskap om forsknings- og utviklingsarbeid som er relevant for vernepleiere

Etter gjennomført studium kan kandidaten:

Ferdigheter;

  • planleggje, gjennomføre og evaluere metodisk miljøarbeid med sikte på trivsel, meistring, deltaking og inkludering
  • utøve forsvarleg pleie og omsorg, legemiddelhandtering, og bidra i habilitering- og rehabiliteringsprosesser
  • kommunisere fagleg, etisk og juridisk forsvarleg med tjenestemottakere og pårørande, og i tverrprofesjonelt samarbeid.
  • utføre saksbehandling som byggjer på forvaltningsmessige prinsipp og aktuelt lovverk som ivaretar tenestemottakars behov og rettar

Etter gjennomført studium har/kan kandidaten:

Generell kompetanse;

  • kombinere kompetanse innan helse- og sosialfaga og på denne måte bidreg til å betre livsvilkåra for mennesker med funksjonsnedsetjingar
  • bidra til deltaking på individ, gruppe- og samfunnsnivå ved å identifisere funksjonshemmande barrierer og motverke desse
  • gjennomgått ein danningsprosess der dei har utvikla ein forsvarleg fagleg og etisk profesjonskompetanse
  • kunnskap om andre profesjonar og betydinga av tverrfagleg og tverretatleg samarbeid

Innhald

Vernepleieutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet legg vekt på å utdanne brukarorienterte og reflekterte yrkesutøvarar som er kvalifisert for å utføre miljøarbeid, habiliterings- og rehabiliteringsarbeid saman med menneske med samansette hjelpebehov. Det er eit overordna mål at vernepleieutdanninga bidreg til å utvikle studentane sine evner til å møte brukarar med empati og respekt ut frå perspektivet om likeverd, uavhengig av alder, kjønn, kultur og livssyn. Vernepleiaren skal, innanfor råma av den generelle velferdsutviklinga, bidra til å fremje gode levekår og høg livskvalitet for menneske med funksjonsvanskar. Menneske med psykisk utviklingshemming er ei sentral målgruppe innan vernepleiefagleg arbeid. Gjennom utdanninga skal studentane tileigne seg kunnskapar, haldningar og ferdigheiter som fremjar samarbeid med funksjonshemma, pårørande, personell og andre samarbeidspartnarar.

Utdanninga byggjer på kunnskap frå mange fagområde og det er eit sentralt mål gjennom studiet å integrere teori og kunnskap frå dei ulike faga med praksiskunnskapar. Studiet er bygd opp av ni emne som i stor grad byggjer på kvarandre. Studenten skal kunne dokumentere faglege kunnskapar skriftleg i alle emna. Ein føreset at studentane tek med seg og kan anvende kunnskapar frå tidlegare emne gjennom heile studiet. Dei enkelte emna vert omtalt i eigne emnebeskrivingar som gjev greie for innhald, undervisnings- og læreformer, læringsutbyte, ferdigheitstrening, undervisningsformer, arbeidskrav, sluttvurdering og pensumlitteratur.

Høgskulen skal mellom anna:

  • leggje til rette for at studentane tileignar seg kunnskap, ferdigheiter og haldningar basert på det fremste innan forsking, utviklingsarbeid og erfaringskunnskap innan fagfeltet
  • leggje til rette for forskningsbasert undervisning
  • tilby eit læringsmiljø som fremjer studenten sine evner til kritisk refleksjon og faglege engasjement, samt stimulerar til aktiv deltaking og personleg utvikling
  • leggje til rette for at studentane tileignar seg kunnskap om kjeldekritikk, kjeldebruk og informasjonsinnhenting
  • vere i dialog med praksisfeltet, brukarorganisasjonar og forskarar innan fagområdet
  • legge til rette for bruk av digitale læringsverktøy 

Deltidsutdanninga er organisert i samlingar der studentane er på skulen ei veke om gongen. Det er planlagt seks samlingar i vårsemestera og fire i haustsemestera. I emna med praksis og med skriving av bacheloroppgåve vert det færre samlingar. Studentane arbeider med ulike oppgåver mellom samlingane og dei får rettleiing undervegs i studiet.

Praksis

Praksisopplæringa er ein sentral del av vernepleieutdanninga. Kvar praksisperiode inkluderer praksisførebuing og -oppsummering ved Høgskulen. Praksisstudia skal medverke til at studenten aukar forståinga for samanhengen mellom forsking, teori og praksiskunnskapar. Praksisopplæringa er planlagt og målretta, og studentane skal ha rettleiing som ein del av praksisopplæringa, der studentane si fungering og meistring vert vurdert jamleg. Praksisplassen skal godkjennast på førehand av Høgskulen. Studentane bør få direkte erfaring i arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming i minimum ein av praksisperiodane. Studiet har tre praksisperiodar:

  • Praksisopplæring innan helsefagleg arbeid - 9 veker
  • Praksisopplæring i miljøarbeid med menneske med utviklingshemming - 11 veker
  • Tverrprofesjonell samarbeidslæring i praksis for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie - 10 veker

Arbeidsformer

Det vert nytta ulike undervisnings- og arbeidsformer i løpet av studiet: førelesingar, seminar, gruppeundervisning, oppgåveskriving, respons- og opponentgrupper, rollespel, ferdigheitstrening m/video, trening i munnleg og skriftleg framstilling, praksisstudium, veiledning og individuelt studium. Integrering av teori og praksis er i fokus under heile studiet. Val av arbeidsform er tilpassa føremålet med dei ulike delane av studiet og skal gjere studentane i stand til å handtere dei ulike krava arbeidsfeltet stiller.

Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide både individuelt og i grupper, og at studentane vert stimulert til både eigenaktivitet og samhandling. Ansvar for eiga læring står sentralt i utdanninga.

Studentane skal lære å skrive tekstar innan ulike sjangre, både i høve til saksutgreiingar i offentleg forvaltning og akademisk. Dei skal gjennom skriflege oppgåver trene seg i teknikkar for innhenting av kunnskap, bearbeiding av litteratur, samt strukturering og formidling av kunnskap.

Det er obligatorisk deltaking i delar av undervisninga, sjå under "Arbeidskrav" i omtalane av dei ulike emna.

Skriftlege oppgåver vert levert inn via det elektroniske læringssystemet Canvas. Oppgåvene vert kontrollerte for plagiering.

Det vert arbeidd med å utvikle digitale læreformer og læreverktøy. Enkelte undervisningar vert strøyma og evt samordna med ein annan utdanningsinstitusjon.

Vurderingsformer

Det vert nytta ulike former for sluttvurdering: skriftlege arbeid, framlegging i gruppe, heimeeksamen, skriftleg eksamen, munnleg eksamen (individuelt og i gruppe) og vurdering av praksis.

Lovlege hjelpemiddel
Skriftleg skuleeksamen: Norges lover og/eller Lovsamling for helse- og sosialsektoren med kryssreferansar og understrekingar. Ordliste.
Munnleg eksamen: Lovsamling utdelt av Høgskulen.

Karakterar
Greidd/ikkje greidd på godkjenning av praksis og bokstavkarakterar på dei andre emna. Sjå omtale av dei ulike emna.

Krav til studieprogresjon

Oppflyttingskrava vert gjort greie for i dei ulike emna.

Internasjonalisering

Studenten kan søkje om å ta haustsemesteret tredje studieåret ved ein utdanningsinstitusjon i utlandet. Studenten kan og søkje om å ta emnet Global Knowledge, som inkluderer praksis i Zambia, i staden for emnet Tverrprofesjonell praksis og emnet profesjonsutøvingpraksis og praksisrefleksjon. Studentane som tek Global knowledge må ha praksis i barnevernfagleg arbeid i femte semester i staden for BSV5-301 Tverrprofesjonell samarbeidslæring i praksis for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie og VPL5-308 Profesjonsutøving vernepleie. Studentane som tek Global knowledge skriv bacheloroppgåva i femte semester.