Studieplan - Historie, årsstudium

Kull Hausten 2020

Årsstudium i historie gir eit overblikk over historia frå antikken fram til i dag, og dessutan korleis historie er til stades og blir brukt i samfunnet i dag. I andre semester inngår to tverrfaglege emne som gir ei innføring i samanliknande og internasjonal politikk.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullførd kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • kan gjere greie for hovudtrekk i norsk, europeisk og global historie og forklare sentrale kulturelle, sosiale, økonomiske og politiske endringsprosessar
  • kan gjere greie for korleis statsmaktene er organisert i forhold til kvarandre, og korleis samspelet er mellom konstitusjonar, parlament og regjering
  • kjenner til ulike forklaringar og fortolkingar som vert nytta til å forstå viktige hendingar og utviklingstrekk i historia

 

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing

 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan setje seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan handtere store informasjonsmengder og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • har innsikt i korleis historia kan brukast og misbrukast, og dei etiske sidene ved historisk forsking og formidling
  • kan argumentere rasjonelt og logisk, i samsvar med vitskaplege kriterium
  • kan nytte historiske teoriar og metodar til å fortolke ny informasjon og forstå endringar i samfunnet

Innhald

Studiet skal gje studentane ei grunnleggjande innføring i norsk, europeisk og global historie frå antikken og fram til våre dagar. Det skal gje forståing for endringsprosessar og krefter som har forma det moderne samfunnet. Å analysere statsutvikling og samfunnsendring føreset ei forståing av teoriar, omgrep og analytiske forklaringsmodellar. Dei tre emna i nyare og eldre historie er breie oversynsemne som tek føre seg både norsk, europeisk og global historie.

I haustemnet Danning og akademisk handverk vil ein få ei grunnleggjande innføring i korleis det er å vere student, i akademisk verksemd og i historiefaget. Sentrale spørsmål i det statsvitskaplege emnet Politiske institusjonar er samspelet mellom konstitusjonar, parlament og regjeringar, partisystem og val i ulike land.

I det siste emnet skal studentane få ei grunnleggjande innføring i korleis historia er til stades og blir brukt i samfunnet, både til identitetsskaping, underhaldning og politiske  og kommersielle føremål. Den teoretiske innføringa vil ta utgangspunkt i korleis historia har vore brukt og blir brukt i konkrete situasjonar, og det vil stå sentralt å sjå på kva kunnskaps- og kjeldegrunnlag ulike former for historiebruk vil ha. 

Historie årsstudium er identisk med 1. året på historie bachelor og gjev grunnlag for å byrje på 2. studieår i historie bachelor om ein ønskjer det.

Arbeidsformer

Studiet set store krav til sjølvstendig arbeid med stoffet. Læringsaktivitetane elles vil vere førelesingar, munnleg presentasjon, skriftlege oppgåver/mappeoppgåver og gruppeoppgåver.  Skriftlege oppgåver blir kommenterte av faglærar eller medstudentar.

Campusstudentane har også tilgang til nettundervisning og digitale ressursar som vert tilbydd til nettstudentane.  

For studentar som ikkje har høve til å delta i undervisning som krev eigenbetaling, tilbyr høgskulen alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.

Vurderingsformer

Det vert nytta ulike vurderingsformer, som heimeeksamen, munnleg eksamen og oppgåver av varierande storleik. Alle eksamensinnleveringar skjer i det internettbaserte eksamensverktyet til HVL (for tida WiseFlow). Sjå detaljar under emneplanane.