Å-KR130 Kroppsøving 1

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Kroppsøving 1 (30 sp) har følgjande faglege innhald og tema:

Eit årsstudium i idrett/kroppsøving utgjer 1.år i ei bachelorutdanning innan idrett/kroppsøving og føl rammeplanen for kroppsøving i grunnskuleutdaninga for 5-10 steg. Gjennom årsstudium i idrett/kroppsøving lærer du korleis du skal leie, organisere og tilpasse bevegelsesaktivitet i kroppsøvingsfaget og i ulike idrettsaktivitetar. Sentralt i studiet er utvikling av undervisningskompetanse i bevegelsesaktivitetar innan leik, læring vekst og utvikling, dans, idrett, friluftsliv og tidsaktuelle bevegelsesformer i barne- og ungdomskulturen. Det vert lagt vekt på fagdidaktisk forståing, vurdering i kroppsøving, medborgarskap, aktivitetslære, treningslære, bevegelseslære, anatomi, fysiologi, kroppslig læring. Undervisninga føregår både inne og ute, og me reiser på ulike ekskursjonar.

Fagleg innhald og konkretisering av tema:

Faglege teoretiske emne: Fagdidaktikk kroppsøving, leik, læring vekst og utvikling, friluftsliv, aktivitetslære, treningslære, anatomi, fysiologi, bevegelseslære.

Faglege praktiske emne: Aktiviteslære 1: Leik, læring vekst og utvikling, idrett, dans, symjing og friluftsliv.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om læreplanen i kroppsøving, fagets eigenart og legitimering, og om korleis faget heng saman med andre skulefag
  • har kunnskap om å planlegge, -gjennomføre og vurdere undervising i kroppsøving
  • har kunnskap om friluftsliv, leik, dans, idrett og tidsaktuelle bevegelsesaktivitetar i barne- og ungdomskulturen
  • har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hos barn og unge
  • har kunnskap om omgrepet medborgarskap og respekt for andre i samband med bevegelsesaktivitetar
  • har kunnskap om bevegelsesmiljø, trening og treningsprinsipp eigna for barn og unge
  • har kunnskap om kroppen (anatomi, fysiologi) og kroppen i bevegelse (rørslelære), spesielt med tanke på læring av bevegelsesaktivitetar

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan, ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningslinjer, planlegga, gjennomføra og vurdere undervisning i kroppsøving
  • kan nytte kunnskap i faget med formål å inkludera alle elevane i kroppsøving
  • kan arbeida tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving
  • kan bruka eigne ferdigheiter og kunnskapar og vidareutvikla desse innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytte av dette i undervisning i kroppsøving og i formidling av ulike bevegelsesaktivitetar til barn og unge
  • kan utforska eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
  • kan ivareta HMS for barn og unge i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø
  • kan planlegga og gje grunnleggande symjeopplæring, utføre livreddande førstehjelp og praktisere trygg ferdsel i, ved og på vatn

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfta kva som er kroppsøving sitt bidrag til allmenndanninga til elevane
  • kan planlegge og formidle sentrale teoriar og problemstillingar i kroppsøving, og bidra til utvikling av god praksis
  • kan arbeida med mangfald og ulikskap i kroppsøving og reflektera over fagets innhald og rolle i ein fleirkulturell skule
  • kan kommunisera med ulike samarbeidspartnarar om problemstillingar knytt til kroppsøving, kroppslig læring og ulike bevegelsesaktivitetar
  • kan forstå, utøva og utvikla egen profesjonalitet som kroppsøvingslærer og trenar

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte arbeids- og læringsformer i emnet. Dette gjeld både for arbeid med teoretiske og praktiske emne:

  • Førelesing
  • Problembasert læring i grupper eller individuelt
  • Praktisk arbeid med aktivitetar i ulike miljø
  • Eigenaktivitet
  • Forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar
  • Lærar- og studentstyrte oppgåver i studiet
  • Arbeida med ulike praktisk-metodiske oppgåver i studiet
  • Rettleiing individuelt eller i grupper

Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen.

IKT blir brukt til formidling av informasjon til studentane og kommunikasjon mellom studentane og dei tilsette. IKT blir trekt inn i faga der det er naturlig.

Friluftslivturar: Det vert lagt stor vekt på å gjera erfaringar i ulike naturtypar til ulike årstider. 

Arbeidskrav

For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar.

  • Godkjent gjennomføring av ekskursjonar
  • Godkjent praktisk-metodiske undervisingsoppgåver
  • Deltaking på friluftsliv ekskursjon med overnatting
  • Godkjent skriftleg innlevering på bakgrunn av gitt oppgåve.
  • Observasjon knytt til føresetnadar hos elevar og tilpassa opplæring

Semesterplanen vil gi retningslinjer for arbeidskrava.

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel, i dette emne ca 300 kr. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Vurderingsform

Oppgåve tel 25% av vurderinga. Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for gjennomføring av oppgåva. Tid for innlevering av oppgåva vert opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.

Praktisk deleksamen tel 25%.

Individuell skriftleg skuleeksamen, 5 timar. Tel 50% av vurderinga

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • LU1-KR215 (1) - Idrett/Kroppsøving 1b, 1-7. trinn - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU1-KR115 (1) - Idrett/Kroppsøving 1a, 1-7. trinn - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU1-KR315P (1) - Idrett/Kroppsøving 2a, 1-7. - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU2-KRO215 (1) - Idrett/kroppsøving 1b 5-10 - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU2-KRO115 (1) - Idrett/kroppsøving 1a 5-10 - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU1-KRO215 (1) - Idrett/kroppsøving 1b 1-7 - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU1-KRO115 (1) - Idrett/kroppsøving 1a 1-7 - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU2-KRO130 (1) - Idrett/Kroppsøving 1 5. - 10. trinn - Reduksjon: 30 studiepoeng
  • LU1-KRO130 (1) - Idrett/Kroppsøving 1 1-7 - Reduksjon: 30 studiepoeng