DLU1-NO415 Norsk 2 språk, kultur og litteratur 2

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet gir historisk bakgrunn og meir omfattande kunnskap om sentrale litterære emne, djupare innsikt i fagdidaktiske spørsmål i begynnaropplæringa og i norskundervisninga på mellomsteget, og betre fagleg grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Studentane får også gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

- har kunnskap om litteraturhistorie og brei kunnskap om skjønnlitteratur for barn, unge og vaksne, frå ulike tider og frå ulike kulturer

- har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv

- har omfattande kunnskap om språkets retoriske funksjonar, munnleg kommunikasjon, og vidare lese- og skriveopplæring

Ferdigheiter

- kan bruke tekst- og litteraturkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar

- kan legge til rette for variert arbeid med skjønnlitteratur og sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium og frå ulike tider og kulturar

- kan bruke og vurdere relevante arbeidsmåtar og læringsressursar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i lese- og skriveopplæringa

- kan legge til rette for at elevar på trinn 1-7 lærer å lese, skrive og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium

- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål

Generell kompetanse

- har innsikt i skulefagets historie og eigenart som litteratur-, kultur- og danningsfag

- kan formidle fagstoff om litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer

- kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingshistoriske problemstillingar

- kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1-7 i samarbeid med andre

Tilrådde forkunnskapar

Norsk 1, 30 stp

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er samlingsbasert med nettmøte mellom samlingane. Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Det er derfor lagt opp til varierte arbeidsformer som bidreg til å realisere ei lærande, aktiv og nærverande student. Arbeidsformene vil vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper. Studentane skal også bidra på nett med obligatoriske arbeidskrav, samtalar og diskusjonsinnlegg, samt vidareutvikle evna til å lese og skrive akademiske tekstar

Arbeidskrav

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.  Studentar som ikkje består eit obligatorisk arbeidskrav, får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar. 

Oppgåvetekstar og formelle krav vert delt ut ved semesterstart. Begge målformer må vera representerte i arbeidskrava

Vurderingsform

Heimeeksamen og munnleg eksamen

Vekting: Heimeeksamen 50 % og munnleg eksamen 50 %.

Karakterskala: A-F, der F er ikkje bestått.

Målform heimeeksamen: Bokmål

Hjelpemiddel ved eksamen

Heimeeksamen: alle Munnleg eksamen: ingen